Sette pris på å møte kommunale leiarar

Sylvi Listhaug (FrP) og Åse Kristin Ask Bakke (Ap) meiner Nyttårskonferansen er ein god arena for møte mellom Mørebenken og kommunale leiarar.

Folk på scena. - Klikk for stort bileteFrå venstre Per Vidar Kjølmoen (Ap), Frank Sve (FrP), Sylvi Listhaug (FrP), Helge Orten (H), Geir Inge Lien (Sp), Magnus Smørdal (konferansier) og Anne Mette Liavaag (konferansier). Inger Johanne Moene

– Det er bra at vi får høve til å møte ordførarar og kommunedirektørar, Statsforvaltaren, NAV og KS – instansar som er viktige for tenestetilbodet til våre innbyggarar, seier Listhaug.

– Det har blitt ein fin tradisjon å starte året med å møte alle kommunale leiarar i fylket – då får vi prate med alle om deira utfordringar, også om det som fylket står i som heilheit. Det er ein fin møteplass for oss på Mørebenken, seier Bakke.

Viktig møteplass

Torsdag 9. og fredag 10. januar vart den årlege Nyttårskonferansen arrangert i Ålesund. Konferansen er ein møteplass for politiske og administrative toppleiarar i offentleg sektor i Møre og Romsdal. Siste post på programmet var møte mellom stortingsrepresentantane frå Møre og Romsdal (Mørebenken), ordførarar og fylkesutvalet. Tema for møtet var mellom anna manglande ferjefinansiering, vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane og kraftunderskotet i Møre og Romsdal.

Stortingsrepresentantane fulgte konferansen både torsdag og fredag.

Listhaug: Beredskap

På spørsmål om kva informasjon frå Nyttårskonferansen ho tar med seg tilbake til Stortinget, svarar Listhaug: 

– Noko av det aller viktigaste er det som har med beredskap å gjere. Vi må gjere oss mindre sårbare. Då må vi diskutere krav som vi set på enkeltområde som kan vere bra for eitt formål, for eksempel klimakrav, men som og bidreg til å auke sårbarheita. Det må vere balanse i det. Derfor er vi i dag litt kritiske til totalberedskapsmeldinga som er lagt fram, fordi det tek ikkje opp spørsmålet og drøftar det. Vi må ha ferjer, båtar og bilar som går sjølv om vi får straumbrot. Vi er redde for at det på sikt blir eit problem dersom vi held fram med same politikk som i dag, seier Listhaug.

To kvinner på scena. - Klikk for stort bileteBirgit Oline Kjerstad (SV) og Åse Kristin Ask Bakke. Ap). Inger Johanne Moene

Bakke: Kraftsituasjonen

Åse Kristin Ask Bakke seier at det ho først og fremst tar med seg til Stortinget er informasjonen og diskusjonen om kraftsituasjonen i Møre og Romsdal. 

– Den har vi diskutert fleire år på rad, og den er spesielt viktig for Møre og Romsdal. Dersom  vi skal ha så mykje kraftkrevjande industri som vi har, som er veldig bra fordi vi eksporterer og har mange fine arbeidsplassar, så må vi gjere eit eller anna med det. Då må vi stå samla. Vi må sjå forbi politiske skiljelinjer og stå saman om det vi kan stå saman om, seier Bakke.