Signerte kontrakt for førebuande arbeid til skredvarsling på Grandefonna

Strekninga på fv. 63 mellom Grande og Geiranger er utsett for snøskred. No har Busengdal AS signert kontrakt på det førebuande arbeidet til prosjektet med skredvarsling.  

portrett av fem personar - Klikk for stort bileteBusengdal AS er entreprenør på prosjektet. Frå venstre er byggeleiar Kristian Bjørdal, prosjektsjef Torbjørn Vatnehol og prosjektleiar Solgunn Langlo frå Møre og Romsdal fylkeskommune. - Rolf Anders Håberg er dagleg leiar i Busengdal AS, medan Kamilla Busengdal er prosjektleiar. Else Britt Ervik

Målet med prosjektet er å auke trafikktryggleiken, og gi eit meir føreseieleg vegnett på strekninga mellom Grande og Geiranger i vinterhalvåret

- Vi er glade for å ha inngått ein avtale med Busengdal AS for å klargjere vegstrekninga for skreddeteksjon, seier Solgunn Langlo, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.  

Ved høg skredfare blir vegen ofte stengt, men det skal no etablerast ei løysing med sanntids overvaking av dei to skredløpa Grandefonna og Sildesteinen på strekninga. Ved sanntidsovervaking av skredløpa kan ein automatisk stenge vegen dersom skred vert detekterte og hindrar trafikkantar i å køyre inn i dei skredutsette områda.  

Prosjektet er delt i to  

Prosjektet er delt i to, ei førebuande kontrakt for å etablere naudsynt infrastruktur og stopplys, vegbommar og radarpunkt i Geiranger. Den andre kontakta omfattar radarar og system for å sanntidsovervake skredløpa, og vert lyst ut seinare i år.  Det er del ein som no er tildelt Busengdal AS.

Rolf Anders Håberg er dagleg leiar i Busengdal AS, og ser fram til oppdraget med Grandefonna.  

Det kan bli utfordringar med anleggsarbeid i Geiranger midt i turistsesongen, men det skal vi løyse, lovar han.

Det førebuande arbeidet er venta avslutta i løpet av 2024. Det er mål om å setje anlegget i drift i løpet av vintersesongen 2024/2025.