Selvågtunnelen skal i 2025 oppgraderast for å tilfredsstille krava i tunneltryggleiksforskrifta.
Frå venstre: Øystein Tyringvåg Prosjektleiar Aurstad Tunnel AS, Bjørn Inge Falling (Prosjektsjef Aurstad Tunnel AS), Cato Aurstad (Driftsdirektør Aurstad Tunnel AS), Geir Inge Bersås (Byggeleder, Møre og Romsdal fylkeskommune), Torbjørn Vatnehol (Prosjektsjef Møre og Romsdal fylkeskommune), Svein Skeide Byggeleiar (Møre og Romsdal fylkeskommune), og Erlend Aune, prosjektleiar (Møre og Romsdal fylkeskommune).
Møre og Romsdal fylkeskommune
Arbeida som skal gjennomførast i tunnelen er mellom anna:
- Etablering av brannventilasjon i tunnelen
- Etablering av naudstasjonar for kvar 250 m
- Etablering av ny belysning
- Etablere høgdehinder og bommar på utsida av tunnelen
- Utskifting av vatn- og frostsikring og forsterking av bergsikringa i tunnelen
- Bygging av to nye tekniske bygg på utsida av tunnelen
- Auke frihøgda i tunnelen.
Kontrakten har ein verdi på om lag 127 mill. ekskl. mva.
-Vi går no inn i ein samhandlingsfase med entreprenøren, der vi saman skal legge ei god plan for gjennomføringa. Arbeida i tunnelen vil starte på nyåret og gå føre seg fram til seinhausten 2025. Arbeida i tunnelen blir gjort som kvelds- og nattarbeid, med arbeidstid mellom kl. 20.00 og 06.00 alle dagar. Så tunnelen vil vere nattestengd, men med kolonnekøyring til faste tider. Vi vil om ikkje lenge gå ut med informasjon om oppstartstidspunktet for nattestengd tunnel, og korleis trafikkavviklinga blir i denne perioden, seier Erlend Aune, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.