Signerte kontrakt for rundkøyring i Holamyra

Det skal byggast rundkøyring på fv.64 i Hustadvika kommune. Entreprenør Odd Småge AS signerte nyleg kontrakta på prosjektet som skal auke trafikktryggleiken i området.  

Portrettbilde av fem personar - Klikk for stort bileteFrå venstre: Audun Fjeldheim er prosjekteringsleiar i Sweco AS, Håvard Barstad er prosjektleiar medan Frank Småge er dagleg leiar i Odd Småge AS. Solgunn Langlo er prosjektleiar, og Knut Roald Ugelstad er byggeleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune. Møre og Romsdal fylkeskommune

Prosjektet skal utbetre dagens kryss på fv. 64 i Malmefjorden utanfor Molde. Det skal byggast ei trearma rundkøyring på staden, som omfattar den gjennomgåande fylkesvegen, og avkøyring til Holamyra næringsområde.  

-  Vi ser fram til å samarbeide med Odd Småge AS på eit viktig prosjekt for Hustadvika kommune, seier prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Solgunn Langlo.  

Det er stor trafikk i området, og etablering av rundkøyring vil gi betre trafikkflyt.

Holamyra næringsområde i Hustadvika kommune er i vekst, og utfordringane med trafikk i dagens kryss har blitt meir omfattande over tid. Strekninga er også skoleveg for nærliggande boligområde. -  

-  Rundkøyringa har vært etterlengta i lang tid, og vi ser fram å bidra til en tryggare kvardag for alle som ferdast forbi dette ulykkesbelasta krysset, seier prosjektleiar Frank Småge i Odd Småge AS