Trollstigen
Møre og Romsdal fylkeskommune
Risa AS vann anbodet på prosjektet, og førebur seg no på arbeidet med fjellreinsk og sikringsarbeid i fjellsida Kjelstadlinja.
- Vi ser fram til å samarbeide med Risa AS, seier prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Solgunn Langlo.
Ho fortel vidare at dei no går inn i ei planleggingsfase med entreprenøren, men tek sikte på å starte arbeidet i løpet av neste veke. -
- Anleggsområdet er svært utfordrande, og sikkerheit er ei prioritering.
Eit viktig nasjonalt symbol
Det var i juni at fylkeskommunen avgjorde å stenge Trollstigen på grunn av gjentatte steinsprang og stor skredfare. Trollstigen i Rauma kommune får besøk av rundt ein million turistar kvart år, og stenginga har store ringverknader for turistnæringa i fylket. Dette var bakgrunnen for at regjeringa vedtok å bidra med 40 millionar kroner slik at det blei mogleg å gå i gang med strakstiltak for å sikre vegen mot skred. Fylkesutvalet vedtok å bidra med ei restfinansiering på 10 millionar kroner.
- Vi takkar for tilliten ved å bli tildelt dette oppdraget, og gler oss til å starte arbeidet på den nasjonale turistvegen, seier Sven Marius Ollestad i Risa AS.
Kontraktsummen med Risa AS er på 17,3 millionar kroner. Signeringa blei utført på eit digitalt møte 2. september. Første del av skredsikringa blei utført i sommar gjennom ei driftskontrakt, og var verdt om lag 10 millionar kroner.
Kjelstadlinja er ein del av Trollstigen.
Kristian Bjørdal