Sikrar berg for tryggare ferdsel på fylkesveganeMøre og Romsdal fylkeskommune driv forebyggande arbeid for å sikre vegane mot skred og steinsprang. Eit viktig tiltak er vedlikehald og sikring av fjellsider og bergskjeringar langs vegnettet. Publisert 16.11.2026 15.29 Sist endra 16.11.2026 15.30 Skredsikring i Trollstigen Else Britt Ervik Fjell og bergskjeringar blir påverka av ver, frost og erosjon over tid. Dette kan føre til at stein lausnar og skapar farlege situasjonar for trafikantar. Gjennom målretta vedlikehald og sikringstiltak blir det mindre risiko for skred og steinsprang. - Bergskjeringane langs vegane må følgast opp jamleg. Eit døme på dette er arbeidet som vart gjennomført i Trollstigen i haust, seier ingeniørgeolog Marit Bakken Gjørva.Marit Bakken Gjørva er ingeniørgeolog i Møre og Romsdal fylkeskommune Else Britt Ervik Sikringstiltaka omfattar vanlegvis reinsk av laus stein, bolting av ustabile parti og montering av sikringsnett. Fylkeskommunen gjer systematiske inspeksjonar av støttemurar, sideterreng og skråningar. Der ein finn utfordringar er målet å setje inn nødvendige tiltak så tidleg som mogleg.Arbeidet med skredsikring er ein del av det omfattande ansvaret fylkeskommunen har for drift og vedlikehald av fylkesvegnettet. Gjennom førebyggande vedlikehald og investeringar blir vegane tryggare for alle som ferdast i Møre og Romsdal. Sjå film frå arbeidet: Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar.