Arbeida hadde oppstart etter vinteren 28. april, og sidan då har det vore jobba med tilrigging og klargjering, og entreprenør har kome seg ned i fjellsida.
Bilete frå Trollstigen og Kjelstadlinja
Møre og Romsdal fylkeskommune
- Vi hadde ei trøblete i helg med snø, minusgrader og vind, men arbeida har fortsett likevel. Vi hadde eit vêrvindu så vi fekk løfta inn materiell med helikopter. No håpar vi det blir betre vêr framover. I løpet av vinteren og våren har vi òg jobba med å få betre oversikt over reparasjonsbehovet etter reinskearbeidet og korleis dette skal gjerast fram mot 14. juli, seier byggeleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Kristian Bjørdal.