Slik ser vegen ut mens sikringsarbeidet går føre i Trollstigen.
Risa AS / Møre og Romsdal fylkeskommune
Fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen orienterte onsdag samferdselsutvalet om status i arbeidet.
– Det er mange omsyn å ta. Det handlar om sikkerheit for mannskapet som driv sikringsarbeidet. Men óg at vi kan gi næringsliv, lokalsamfunn og reisande ein dato for opning som er så føreseieleg som mogleg, seier fylkesvegsjefen.
Grundig gjennomgang
Arbeid med dreneringsgrøft over fjellpartiet Kjelstadlinja var trinn ein i prosjektet - det var ferdig i august. Desse tiltaka ser ut til å ha ein god effekt. Trinn to er reinsk av fjellsida som starta opp 9. september.
Fylkesvegavdelinga har hatt ein grundig gjennomgang av arbeida, saman med entreprenør, etter at arbeidet vart avslutta for vinteren 5. november. I løpet av hausten har det vore arbeidd i 39 dagar og stopp i 8,5 dagar på grunn av vêrforhold som vind, snø, regn og skodde. Ved nedrigging for vinteren har ikkje sikringsarbeidet kome like langt som ein håpa på.
– Sikringsarbeidet i Trollstigen har vist seg å vere meir omfattande enn antatt, og vi har vore redd for at vi måtte holde stengd også heile neste sommar. Mykje dårleg fjell er årsaka til dette. Vi reduserer no på omfanget for å kunne opne vegen så tidleg som mogleg, og for å halde oss innafor kostnadsramma på 50 mill. kroner, seier fylkesvegsjef i Møre og Romsdal fylkeskommune, Ole Jan Tønnesen.
Ny framdrift
Med bakgrunn i det auka omfanget er det utarbeidd ei ny framdriftsplan for det vidare sikringsarbeidet i 2025:
- Mai: Oppstart fjellsikring
- Juni: Helikopterspyling av fjellsida, nedrigging, fjerning av gruspute og fjerning av masse/nedfall i veggrøft.
- Juli: Naudsynte reperasjonar av veg, murar, rekkverk osv.
I denne framdrifta er det inkludert moglege stopp på grunn av vêr. Eventuelle reperasjonar som ikkje betyr noko for trafikktryggleiken, vil bli utsett til etter turistsesongen.
Krevjande fjell
Entreprenør har i arbeidsperioden møtt på eit krevjande bergparti, som tar tid å sikre tilstrekkeleg før dei kan fortsette vidare nedover fjellsida. Med ny planlagd framdrift vil entreprenør truleg kome seg forbi dette fjellpartiet.
– Vi var førebudd på overraskingar når vi starta dette arbeidet. Når vi ser kor mykje stein som har kome ned i fjellsida i denne perioden, er det tydeleg at det var stort behov for tiltak. Strakstiltaka er ikkje varig sikring og det er behov for meir omfattande arbeid i Trollstigen. Det vil framleis vere risiko for steinsprang, men strakstiltaka vil redusere risikoen i det mest utsette partiet. Vi tar sikte på å opne vegen 14. juli neste år, seier Tønnesen.
Jobbar vidare med forprosjekt for varig rassikring
Parallelt med strakstiltaka blir det jobba med forprosjektet for varig rassikring i Trollstigen. I april 2025 blir det lagt fram ei politisk sak til Fylkestinget om konseptval for sikring av Kjelstadlinja og Grustaksvingen. I det siste har det òg blitt vedtatt at ein skal sjå om det er mogleg å finansiere ein meir omfattande varig sikring gjennom eit bompengeprosjekt. Dette vil fylkeskommunen kome tilbake til.