Sintef Nordvest får éin million kroner til smartare bruk av vatn

Sintef Nordvest får éin million kroner til VannVett, eit prosjekt for meir effektiv og sirkulær bruk av vatn i fylket.

Kompetanse- og næringsutvalet vedtok 10. september einstemmig å støtte prosjektet «VannVett – smartere vannbruk i industri og samfunn». Sintef Nordvest eig og leier prosjektet.

Prosjektet skal kartlegge vassbruk og aktuelle ressursstraumar i industrien og kommunesektoren i Møre og Romsdal. Målet er å tilpasse vassbruken betre, bruke meir prosessvatn om att og redusere belastninga på den kommunale vass- og avløpsinfrastrukturen.

Sintef Nordvest skal samle industribedrifter, kommunar, teknologileverandørar og forskings- og utdanningsmiljø. Dei skal etablere ein regional VannVett-arena, prioritere minst tre pilotprosjekt og lage eit vegkart for vidare forsking og innovasjon.

Saksframlegg og møteprotokoll for kompetanse- og næringsutvalet 10. september