Sjå opp for skumdottar langs fylkesvegane

Hvis du ser ein kvit klump i vegbana i sommar, så har du blitt åtvara. Det er ikkje farleg å køyre på skumdotten, men denne er ei varsling om nymåla vegstriper.  

Skumdott i vegbane foran bil - Klikk for stort bileteSkumdotten varslar om måling i vegen. Rogaland Fylkeskommune

I løpet av sommaren skal det lagast ny merking langs vegane mange stader i fylket. Både midtstripe og stripe langs vegkanten kan bli måla på nytt.  

- Vegmerking er ein del av vedlikhaldet vi gjer på vegane, og er mellom anna viktig for trafikktryggleiken, seier Martine Dalen, kontrollingeniør i Møre og Romsdal fylkeskommune.  

- Arbeidet skjer i sommarmånadane når det er tørr asfalt.  

Det er uheldig hvis bilar køyrer i ny måling, både for bildekka sin del og for vegbana. Ein har difor funne ein måte og varsle om dette på, som ikkje skadar bilen, og som ikkje gjev kvite strekar på kryss og tvers langs vegen.  

- Ved å etterlate ein skumdott der vi gjer arbeid, har vi ein måte og varlse folk at her er ei nymåla linje. Skumdotten forsvinner etter ei stund, seier Dalen.  

Det er ikkje farleg å køyre i skumdottane, men malinga bør man ikkje køyre i. Ifølge Dalen er vegmålinga vannbasert, så om du er uheldig og får måling på bilen kan den fjernast med til dømes vindusspylerveske og vatn.  

- Du bør fjerne målinga ganske raskt, men du må ikkje bruke avfetting. Då blir målinga som betong, seier ho.  

Bil maler vegkant.  - Klikk for stort bileteHer får ein veg ny merking. Rogaland Fylkeskommune