Skal du søke støtte til kulturprosjekt i haust? Meld deg på tilskotswebinaret!

Onsdag 17. september klokka 14.00 kjem årets tilskotswebinar til ein skjerm nær deg. Her får du nyttig innsikt i kva du kan søke på tilskotsordningar og gode råd om korleis du kan lukkast med søknaden.

Fem ungdommar i fargerike bukser dansar på ei scene. - Klikk for stort bileteFinn ut meir om kva kulturarrangement du du kan søke om støtte på tilskotswebinar. Magnar Fjørtfoft

Kulturaktørar i heile fylket er invitert til årets tilskotswebinar, som finn stad på Teams. Webinaret er gratis og ope for alle som ønsker å vite meir om tilskotsordningar innan kunst, kultur, idrett, friluftsliv og frivilligheit.

Femte år på rad

Kvart år får konsertar, førestillingar, friluftslivstiltak og idrettsarrangement støtte frå fylkeskommunen. I haust er det fleire nye ordningar på planen, blant anna regionale kulturfond og ABC for god psykisk helse.

– Målet med webinaret er å gjere det enklare å finne fram til relevante støtteordningar og å gi gode råd om søknadsprosessen, seier Sunniva Nerbøvik Løkhaug, rådgivar og tilskotskoordinator i kulturavdelinga i fylkeskommunen. 

Det er femte året på rad at kulturavdelinga inviterer til eit webinar med tilskot som hovudtema, og det har vore god oppslutning rundt hendinga dei tidlegare åra. I fjor var det over 90 påmeldte til webinaret.

Praktisk innsikt og nyttige tips

I år vil deltakarane blant anna få betre innblikk i fleire av portalane, både for dei fylkeskommunale ordningane og Digisak, kor søkarar kan søke om tilskot- og dispensasjonssaker innafor kulturminneforvaltninga. I tillegg har vi samla saksbehandlarane sine beste tips til korleis du som søkar kan lage ein god søknad.

Webinaret passar både for frivillige lag og organisasjonar, profesjonelle kunst- og kulturaktørar, kommunar og andre som jobbar med kulturprosjekt.

– Vi håper mange vil delta, og at webinaret kan bidra til fleire gode kulturprosjekt i fylket, seier Løkhaug.

Påmeldingslenke og meir informasjon finn du på fylkeskommunen si nettside. Webinaret vil bli teksta og lagt ut i etterkant.