Søkar er Sykkylven Næringsutvikling AS, på vegner av hoppid.no-nettverket i Møre og Romsdal.
Målet for prosjektet er å styrke næringsgrunnlaget på gardsbruk gjennom utvikling av tilleggsnæringar og tettare samarbeid mellom gardbrukarar.
Tilskotet blei einstemmig vedtatt av kompetanse- og næringsutvalet.
Vidareføring
Prosjektet er ei vidareføring av Garden som ressurs 1.0, som vart gjennomført i 2024 med stor deltaking og gode resultat. Erfaringane frå det første prosjektet viser at gardbrukarar har behov for møteplassar, nettverk og rettleiing for å utvikle nye forretningsidear. Garden som ressurs 2.0 skil seg frå 1.0 med at fokuset er nettverksbygging mellom aktørar, og både nye og etablerte aktørar er målgruppa. Garden som ressurs 1.0 hadde fokus på nyetableringar.
Gjennom nettverkstreff, rådgjeving, kurs og samarbeid med aktørar som Innovasjon Norge og Bondelaget, skal prosjektet bidra til utvikling av lokalmat, opplevingar og andre tilleggsnæringar. Ti pilotkommunar skal få støtte til lokale prosjekt, og det er eit mål at minst to nettverk skal kvalifisere for vidare støtte frå Innovasjon Norge.
Godt forankra
Prosjektet har fått høg vurdering frå fagpanel og er godt forankra i regionale strategiar for landbruk og berekraftig utvikling. Tilskotet frå fylkeskommunen utgjer 66,7 prosent av den totale kostnadsramma på 1.800.000 kroner, og det er ein føresetnad at prosjektet blir fullfinansiert.
Tilskotet er løyvd frå regionale tilretteleggingsmidlar, som er statlege midlar. Løyvinga vil ikkje få økonomiske konsekvensar for Møre og Romsdal fylkeskommune.
Saksframlegg og møteprotokoll for kompetanse- og næringsutvalet torsdag 23. oktober