Skal peike ut «regnskogen» i fylket, hjelper kommunane med å ta gode val

Kvar ligg dei karbonrike områda som vi bør ta vare på? Eit nytt prosjekt skal finne svaret, og gi kommunane nye verktøy i arealplanlegginga.

Myrområde. - Klikk for stort bilete Kai Bedringås

Med auka kunnskap kan kommunane effektivt ta vare på intakt natur der store mengder karbon blir tatt opp og lagra. Dette kan i framtida få stor betydning for kvar ein kan bygge hytter, bustader og næringsareal.

Støtte frå Miljødirektoratet

Møre og Romsdal fylkeskommune, Kartverket og Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har nyleg fått støtte frå Miljødirektoratet til å kartlegge kvar dei karbonrike areala, eller «regnskogen», i Møre og Romsdal ligg. «Regnskogen» vår er skog, myr og jordbruksland på organisk grunn. I samarbeid med kommunane skal dei lage kart og utvikle verktøy til bruk i arealplanlegginga. Målet er klimasmart arealbruk som også tar vare på naturen.

– For å bremse klimaendringane, er det nødvendig å stoppe inngrep i naturen som fører til utslepp av klimagassar. Å ta vare på økosystem er den mest effektive og billigaste løysinga for å lagre og auke opptaket av karbon, seier fylkesplansjef Ingunn Bekken Sjåholm.

Manglar gode verktøy

Fylkesplansjefen seier at mange kommunar opplever at dei manglar kunnskap for å vurdere kva areal som er karbonrike. Dette fordi karta over norsk natur ikkje gir god nok informasjon om naturtypar som er viktige for karbonlagring. Samarbeidsprosjektet skal gi kommunane nye kart og erfaring med å bruke verktøy som arealrekneskap og klimagasskalkulator.

– Med desse karta og verktøya blir det enklare for kommunane å vurdere kvar det er mest hensiktsmessig å bygge og kvar det er viktig å la naturen ligge urørt. Mange kommunar har gamle planar som ikkje tar omsyn til klima og natur. Dei nye karta og verktøya skal gjere kommunane i stand å gå gjennom arealplanane og kome med forslag til politikarane om det er planar ein ikkje bør realisere på dei areala som er foreslått i dag, seier fylkesplansjefen. 

Karbon i jordsmonnet

Over halvparten av dei menneskeskapte CO2-utsleppa i verda blir tatt opp av naturen. Snautt halvparten av dette karbonet blir lagra i havet og drygt halvparten på land, blant anna ved at plantar og algar bind CO2 frå lufta. Det er antatt at 80  prosent av karbonet som er bunde opp på land, er bunde til jordsmonnet. Dette er tre gongar meir enn i atmosfæren. 

Karbonrike areal er ofte også viktige leveområde for planter og dyr. Det er ein samanheng mellom karbonlagring, naturtypar og artsmangfald. Å ta vare på slike område er ikkje berre viktig for klimaet, men også for å stanse naturtap og sikre økosystema vi er avhengige av.