Heimekontor, hybridkontor, fjernarbeid? Distance Lab utviklar verktøy som også næringslivet i regionen skal teste.
Unsplash
Sidan pandemien har ulike formar for fjernarbeid skote fart. EU-prosjektet har som mål å utvikle og forbetre korleis vi jobbar heimefrå, på felleskontor eller andre løysingar.
-Vi ser på korleis vi kan drive innovasjon på avstand, kva vi må ta omsyn til når vi kommuniserer og kva strategiske endringar som må til for å skape godt fjernarbeid, seier Daniela Gundersen, prosjektleiar, Møre og Romsdal fylkeskommune.
EU-prosjektet ser blant anna på gode metodar for nettverksarbeid, internasjonalisering, forretningsmodellar og sjekklister for digitalisering og berekraft. 2023 vart brukt til utvikling av verktøya.
-No skal både næringsliv og offentlege etatar i regionen teste ut dei ulike løysingane. Prosjektpartnarane skal bruke tilbakemeldingane frå testane til å gjere løysingane betre før dei blir lanserte i ein open portal. Også våre bedrifter og offentlege aktørar får tilgang til denne portalen og løysingane som ligg der, seier Gundersen.
Protomore i Molde, Vindel i Kristiansund, Sunnmøre kulturnæringshage, Digi Møre og Romsdal er samarbeidspartnarar og vil invitere små og mellomstore bedrifter til å bli med i testinga.
Møre og Romsdal fylkeskommune koordinerer piloteringa og testprosessen, og vil delta aktivt i testing av verktøya.
DistanceLAB er medfinansiert av Det europeiske union sitt Østersjøregionprogram. Fylkeskommunen deltar i lag med partnarar frå Finland, Sverige, Noreg, Latvia, Litauen og Polen. Gjennomføringsperioden er 1.1.2023-31.12.2025.