Skapar grøne jobbar for europeisk øyungdom

Eit EØS-prosjekt gir ungdommar verktøya dei treng for å skape nye berekraftige arbeidsplassar i ei verd med klimautfordringar. Møre og Romsdal fylkeskommune er med som ekspertpartnar og erfaringane og verktøya dei utviklar blir brukt på heimebane. 

Gruppebilete. Fjell i balkgrunnen. - Klikk for stort bileteFrå nettverkssamling i Geiranger

Øysamfunn i Sør-Europa slit med høg arbeidsløyse - særleg blant unge. EØS-prosjektet «Youth Employment Network for Energy Sustainability in Islands skal hindre at unge fell utanfor arbeidslivet og gi dei ferdigheitene dei treng for å få seg ein grøn jobb, eller skape sin eigen berekraftige arbeidsplass.

«Mange av øysamfunna i sør-Europa er perifere samfunn som blir negativt påverka av klimaendringar, og det er behov for meir fokus på berekraftig utvikling,» seier rådgjevar Arne Håkon Sandnes ved Møre og Romsdal fylkeskommune.

Prosjektet som blir forkorta YNESIS har hatt dei såkalla NEETs som si målgruppe. Det er folk i aldersgruppa 22 – 29 år som har fullført ei utdanning, men er utanfor arbeidslivet. Altså «not in education, employment or training.» 

Prosjektet har etablert ei utviklingsløype kor deltakarane har fått opplæring på berekraft innan sitt fagfelt, utveksling i naboregionar og utplassering i lokal bedrift. blant anna utviklingssamlingar der ekspertpartnaren har bidratt med kompetanse, verktøy og gode døme innan "soft skills," entreprenørskap og berekraftig jobbskaping.

Laga opplæringsmodul for å lykkas på arbeidsmarknaden

Sandnes meiner at det er viktig å lære seg «soft skills» som mellommenneskeleg samhandling, problemløysing, tilpassingsdyktigheit, samarbeid, leiarskap og kommunikasjon om ein skal lykkas. 

«Dette er ferdigheiter som skal gjere det enklare å lykkast på arbeidsmarknaden. Tidlegare i prosjektet vart det oppdaga at det var lite fokus på denne typen kompetanse i dei deltakande regionane, og difor har vi utvikla ein opplæringsmodul som skal gi deltakarane dei nødvendige ferdigheitene,» seier Sandnes. 

- Forstod betre ungdomane sin situasjon

Desse samlingane var svært givande å få vere med på fortel rådgivar Vegard Flø:
"Vi møtte mange fantastiske unge menneske som var både nysgjerrige, reflekterte og engasjerte. Sjølv om det er kulturelle skilnader og språklege utfordringar, fann vi ut at temaet vi underviste i, var svært relevant. Vi fekk òg nyttige innsikter i korleis unge menneske frå andre regionar tenker. Dette var lærerike tilbakemelding som utfordra vår forståing av konteksten desse ungdommane står i, seier Flø.

Tar med seg erfaringane frå prosjektet til Møre og Romsdal

"YENESIS har vore eit svært interessant prosjekt å bidra til, der vi har hatt moglegheit til å jobbe både direkte med dei individuelle deltakarane i prosjektet og utfordringane dei har stått overfor. Samtidig har vi kunne arbeida med å forbetre systema som vil støtte relevante berekraftige jobbar for dei unge og at samfunnet får nytta deira kompetanse.", seier Sandnes.

"Vi har vidareutvikla kursa innan soft skills som vart utvikla for YENESIS, og i det nye året vil vi arrangere ei rekkje kurs for våre eigne NEETs i Møre og Romsdal i alderen 16-24 år. I tillegg vil vi nytte kursa som kompetanseutvikling for studentane i vårt internship-program. Dette er eit godt døme på korleis vi tar med oss effektane av vårt internasjonale engasjement for å forbetre våre eigne system", seier Sandnes.

Kontaktperson

Arne Håkon Sandnes

 arne.hakon.sandnes@mrfylke.no, tlf. 71 28 03 50