Skinne UB frå Molde vgs er Årets beste ungdomsbedrift

Skinne UB skal produsere sirkulære og innovative produkt av fiskeskinn. 

Fire ungdomar i kvit genser held ein gåvesjekk - Klikk for stort bileteHedda Bjerkeli, Vegard Try Sporsheim, Mina Dayan og Amalie Gjelsvik Bakken, i Skinne UB vart kåra til Årets ungdomsbedrift. Ungt Entreprenørskap

13. mars gjekk fylkesmesterskap for ungdomsbedrifter av stabelen på NMK i Ålesund, i regi av Ungt Entreprenørskap. I konkurranse med 52 ungdomsbedrifter, stakk Skinne UB av med tittelen Årets beste bedrift. Det betyr at gjengen som står bak, Hedda Bjerkeli, Vegard Try Sporsheim, Mina Dayan og Amalie Gjelsvik Bakken, får gullbillett til NM for ungdomsbedrifter i Lillestrøm i mai. Der skal dei konkurrere med forretningsideen sin som er å produsere sirkulære og innovative produkt av fiskeskinn.

Desse bedriftene fekk også gullbillett til NM:

  • TerraDesign UB fra Ålesund videregående,
  • BRUKBART UB fra Akademiet Ålesund videregående 
  • Deep Sleep UB fra Spjelkavik videregående.

50 frivillige fra arbeids- og næringslivet i Møre og Romsdal stilte som jury under mesterskapet. I tillegg til årets beste ungdomsbedrift, var det også kåra vinnarar i ei rekke andre kategoriar. 

Les pressemelding på UE her.

Les resultatliste på UE sine sider.

Skaparglede

Ungt Entreprenørskap er ein ideell, landsomfattande organisasjon som saman med utdanningssystemet, næringslivet og andre aktører jobbar for å utvikle barn og unges kreativitet, skaparglede og tru på seg sjølve. 

Dei har program frå grunnskole til høgare utdanning, innan entreprenørskap, jobbtrening og personleg økonomi.