Skisserer sommartakst på ferjene: Vil skjerme pendlarar og dei lokale

Dei som brukar ferjesambandet hyppig, skal ikkje måtte betale sommartakst.

En ferjekai med en ferje. Foto - Klikk for stort bileteFerjekaia på Linge i sambandet Eidsdal-Linge. Møre og Romsdal fylkeskommune

I samferdselsutvalet onsdag orienterte seksjonsleiar marknad i FRAM, Toril Karlsnes, om korleis dei så langt har tenkt å svare på bestillinga frå fylkestinget. I desember vedtok fylkestinget at det blir innført turisttakst i perioden mai-august på alle gratissambanda i fylket og rute 1054 Eidsdal-Linge. FRAM kallar det for sommartakst, mens uendra takst er normaltakst.

Skjermar dei lokale

Med bruk av reisedata frå AutoPass for ferje ønsker FRAM å skjerme pendlarar, lokale som reiser ofte, og lokalt næringsliv. Dei som ikkje reiser like ofte, turistar og tilfeldig besøkande, må betale sommartakst.

Sommartaksten skal vere høgare enn normaltaksten.

FRAM ser føre seg at når eit køyretøy blir registrert på ferjesambandet, vil historiske tal i datagrunnlaget frå AutoPass for ferje avgjere om det blir sommartakst eller normaltakst. Har køyretøyet blitt registrert minst eit visst antal reiser frå eit bestemt tidspunkt, blir ein ikkje rekna som turist, men kjem i staden inn under normaltakst.

Må bestemme skiljet

I samferdselsutvalet bad seksjonsleiaren i FRAM om at politikarane bestemmer kvar skiljet mellom normaltakst frå sommartakst skal vere. Kor mange turar skal du ha reist frå ein gitt dato, slik at ein unngår sommartaksten?

Planen er at politikarane i møtet 12. mars skal avgjere korleis sommartaksten skal vere utforma.