Skredvarsling i Geiranger: informasjonsmøte 2. desember

Møre og Romsdal fylkeskommune har bygd ferdig eit skredvarslingsanlegg på fylkesveg 63 mellom Grande og Geiranger. Det er no i ein innkøyringsfase. Anlegget skal overvake snøskred og stenge vegen automatisk  om dette skjer.  

Biler ved bom - Klikk for stort bileteSkredvarslingsanlegget i Geiranger må lærast opp. Kristian Bjørdal

For å informere lokalsamfunnet om korleis systemet fungerer, inviterer fylkeskommunen til møte på Fjordsenteret i Geiranger 2. desember klokka 17.30. Møtet er ope for alle og vert halde i samarbeid med Statens vegvesen, som samstundes orienterer om planane for ny Strynefjellstunnel med arm til Geiranger.

To radarar og kamera vart montert i fjor vinter og overvakar no om det går snøskred ved skredpunkta Grandefonna og Sildesteinen. Den første vinteren vil vere ein testsesong. Dette inneber at trafikantar kan oppleve at bommane går ned og stenger vegen, utan at eit snøskred har nådd eller vil nå vegen. Slike stengingar vil stort sett vere kortare enn 5 minutt.  

– Det er viktig at trafikantar forstår at dette er ei innkøyringsfase for radarane og kamera, seier prosjektleiar Solgunn Langlo i Møre og Romsdal fylkeskommune.  

– Systemet må fininnstillast til å kjenne fjellsida og skilje mellom farlege og ufarlege rørsler, seier ho.  

Radar og kamera i opplæringsfase

Skredvarslingsanlegget er utvikla for å overvake snøskred, og ikkje steinskred eller andre naturhendingar. I testperioden må radarane og kamera til dømes lære seg forskjellen på ulike mengder snø og hastigheiter på skred, og ut frå dette bestemme om det er mogleg at eit skred treff fylkesvegen. Det er entreprenøren Cautus Geo AS som står for leveranse og tilpassing av radarar og kamera, og som registrerer data frå fjellsida. Førebuande arbeid vart utført av Busengdal AS i 2024.

Einaste i landet med to radarar

Møre og Romsdal fylkeskommunen er den einaste aktøren i landet som nyttar to radarar i same skredløp. Skredområdet er stort og kupert, og éin radar åleine vil ikkje oppdage skred tidleg nok til at ein rekk å stenge vegen.

Etter at anlegget opnar for fullt, skal det vere i drift mellom 1. oktober - 31. mai. Avtalen for drift er på 10 år. Målet er at radarane og kamera innan få år skal vere så godt opplærte, at vegen berre vert stengd ved større snøskred, som faktisk utgjer ein fare for trafikantane.