Slik blir dei nye båtane for naturbruk-elevar i fylket

Gladmelding til elevar og næringsliv i Møre og Romsdal: Tre vidaregåande skolar i fylket får skoleåret 2026/2027 kvart sitt undervisningsfartøy til opplæring i blått naturbruk.

Nyleg er Selfa Arctic AS i Harstad tildelt kontrakten for design og bygging av tre undervisningsfartøy for Møre og Romsdal fylkeskommune. Budsjettet for båtane har ei totalramme på 109 millionar kroner inkl. mva.

Dei tre skolane som får kvar sin båt, er Hustadvika vgs., Herøy vgs. og Ålesund vgs. Fartøya vil stort sett vere like, berre med små individuelle tilpassingar.

Viktig for opplæringa

Dei nye undervisningsfartøya har stor betydning for opplæringa i dei vidaregåande skolane: 

– Bruk av båt i undervisninga for VG1 blått naturbruk og VG2 fiske og fangst er viktig for å oppnå  kompetansemål i læreplanen. Tidlegare elevundersøkingar og undervisningsevalueringar har tyda på at undervisninga i dag er for teoretisk for desse utdanningstilboda, seier kompetanse- og næringsdirektør Erik Brekken.

Møre og Romsdal fylkeskommune og dei maritime næringane jobbar tett saman, og fartøya svarar på behovet for moderne og oppdatert undervisningsmateriell i dei vidaregåande skolane:

– Fiskerinæringa er i rask endring, og tilbakemeldingar frå den delen av næringslivet er at elevane våre treng meir trening og praksis i båtar som held ein høgare standard enn det som vi har moglegheit til i dag. Det faglege nivået på undervisninga vår har derfor ikkje vore optimal. Dei nye undervisningsfartøya vil kunne hjelpe med denne situasjonen, då fartøya vil ha oppdatert utstyr som gir elevar moglegheit til å lære og bruke utstyret og sjå potensialet som ligg i desse. Frå å gjennomføre praksis i gamle båtar, vil dei i større grad bidra til å utfordre sektoren til nyutvikling og omstilling, seier Brekken.

Topp moderne fartøy

Selfa FLEX 1499 er eit undervisningsfartøy utvikla av Selfa Artic AS. Fartøyet er bygd i glassfiberarmert plast (GRP) som gir høge isoleringseigenskapar og låge utslepp. Det har eit energigjenvinningssystem som nyttar spillvarme frå motorar og batteri til oppvarming. Det har plass til 17 personar, inkludert 14 studentar og tre mannskap. 

Fartøyet er designa for å vere miljøvennleg og effektivt for undervisning. Det har romslege dekks- og innvendige område som er lagt til rette for opplæring, med plass til fleire personar rundt fiskeutstyr som garnhalar og bløggekar. Fartøyet er tilpassa fiske med garn, stampeline, autoline og snurrevad. 

Maskinrommet er utvida for å gi god plass til undervisning og vedlikehald. 

Fartøyet har også høgspennings DC batterirom for enkel oppgradering til batterielektrisk framdrift. Selfa FLEX 1499 oppfyller alle krav frå Sjøfartsdirektoratet og er sertifisert for trygg bruk under ulike vêrforhold.

Fire med i konkurransen

Tilbodskonkurransen har vore lyst ut offentleg gjennom Mercell, og fire leverandørar blei med etter prekvalifiseringa. Tilboda frå dei fire er evaluert etter tildelingskriteria pris 10 prosent, kvalitet 60 prosent og klima/miljø 30 prosent:

  • Pris: Selfa Arctic leverte lågast tilbodspris av dei fire og fekk 10 av 10 poeng.
  • Kvalitet: Fartøya frå Selfa Arctic har blitt vurdert som svært godt egna for formålet og bruken. Selfa Arctic fekk 9,79 av 10 poeng.
  • Klima/miljø: Selfa Arctic har det nest lågaste forbruket blant tilboda, og scorar svært godt på kriteriet. Selfa Arctic fekk 9,31 av 10 poeng.

Fartøya skal bidra til at elevar får nødvendig opplæring i høve til læreplanmåla. Kjerneelementa i undervisninga er marine ressursar, sikkerheit om bord, fartøy og fiskereiskap, og fangst, kvalitet og marknad.

Foreløpig leveringsplan for dei tre fartøya er august 2026, slutten av 2026 og mars 2027. 

Fylkestinget har i økonomiplanperioden 2025-2028 sett av til saman 64,8 millionar kroner til undervisningsfartøy. I tillegg er det frå marint miljøsikrings- og verdiskapingsfond løyvd 33,7 millionar kroner til fartøya.