Slik blir den nye ferja i rute 1066

Etter eit år med ombygging av ferjekaier og hyppige endringar i rutetabellen, nærmar det seg at større ferje er på plass i sambandet Larsnes–Åram–Voksa–Kvamsøy i kommunane Sande og Vanylven. 

Ei ferje som ligg ved kai. - Klikk for stort bileteMF Foldøy blir ombygd på Vegsund Slip Norled

Den nye ferja skulle vere på plass frå 1. januar, men det har vore forseinkingar i arbeidet med å få den ferdig ombygd. Mellom anna har monteringa av ei heis gjort at arbeidet har tatt lengre tid enn planlagt. Etter planen skal ferja gjennomføre prøvetur og ferdigstillast denne veka slik at den blir klar til trafikk 1. februar.

– Både vi og reiarlaget ser fram til å få ferja på plass, seier Harald Harstad, seksjonsleiar for drift i FRAM i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Omfattande oppgradering

MF Foldøy har vore til ombygging på Vegsund Slip sidan i november. 

– Ferja har vore gjennom ei omfattande ombygging og oppgradering. Det er mellom anna montert glashus på salongdekk og sett inn ei ny heis som oppfyller krava til universell utforming, opplyser Steinar Johnsen, driftsleiar i reiarlaget Norled.

– Det er også sett inn fire nye Volvo-motorar og ny innreiing i salongen, seier Johnsen.

Enklare ombordkøyring og lossing

På bildekket på MF Foldøy er det plass til 50 personbileiningar. 

– Dagens ferje har plass til 35 PBE, så dette blir ei vesentleg auke i kapasitet, seier Harald Harstad i FRAM.

Ferjesambandet på rute 1066 er eit av få samband i fylket der ein på nokre av strekningane må rygge om bord i ferja.

– Den nye ferja har ein breiare fallport enn dagens ferje. Det vil gjere ombordkøyring og lossing enklare både for bilistar og mannskap, og vi trur spesielt dei som må rygge om bord vil syns det er stor ei forbetring, seier Harstad.

Ein sniktitt om bord

Offisiell opning

Dei fire ferjekaiene som Møre og Romsdal fylkeskommune har oppgradert, er alle tekne i bruk. Det er berre mindre arbeid som no går føre seg på kaiene. 

Fylkeskommunen planlegg for ei offisiell opningsmarkering i mars.

Teknisk informasjon MF Foldøy
Teknisk informasjon MF Foldøy
Byggeår 1999
Byggeverft Gdańska Stocznia Remontowa, Gdańsk, Polen
Personbileiningar 50
Passasjerkapasitet 200
Fart 14 knop