Slik blir skolevalet ved dei vidaregåande skolane

1. og 2. september er det skoleval ved dei vidaregåande skolane. Før valet blir det debattar og valtorg ved kvar einaste skole.

Her er oversikta over tid og stad for debattar og valtorg, skole for skole:

SkoleDato
Akademiet ÅlesundFredag 29. august
Atlanten vgsTysdag 2. september
Borgund vgsOnsdag 27. august
Gjermundnes vgsOnsdag 27. august
Haram vgsMåndag 25. august
Herøy vgsMåndag 1. september
Hustadvika vgsMåndag 1. september
Kristiansund vgsTysdag 2. september
Molde vgsMåndag 1. september
Rauma vgsOnsdag 27. august
Romsdal vgs+ FannefjordTorsdag 28. august
Spjelkavik vgsOnsdag 27. august
Stranda vgs + VestborgTorsdag 28. august
Sunndal vgsTysdag 26. august
Surnadal vgsMåndag 25. august
Sykkylven vgsTorsdag 28. august
Tingvoll vgsTysdag 26. august
Ulstein vgsMåndag 1. september
Volda og Ørsta vgsTysdag 26. august
Ålesund vgs og Ålesund vgs avd. FagerliaFredag 29. august

 

Dei offisielle skolevaldatoane for 2025 er 1. og 2. september, men skolane kan velje å gjennomføre valet veka før, frå 25. august.

Resultata av skolevalet blir offentleg 2. september kl. 19.00. Resultata blir lagt ut på Sikt si nettside.

Valgavlukke. - Klikk for stort bileteSkolevalet blir gjennomført som eit urneval, til liks med det ordinære valet. Valgdirektoratet

Skolevalet blir gjennomført som eit urneval, til liks med det ordinære valet.

Skolevalet med debattar og valtorg er ein del av skolane sine oppdrag for å fremme demokrati og medborgerskap, og oppfyller kompetansemål i læreplana. Det skal gi elevane oppleving av å vere ein aktiv medborgar i eit demokrati, og gi dei ei praktisk innføring i grunnlaget for demokratiet. 

Utdanningsdirektoratet har anbefalt skolane å avgrense tal parti i debattane: «Evalueringen etter forrige skolevalg viste at det ikke bør delta mer enn ni partier i skoledebatten», skriv Udir på sine nettsider.

Les meir om skolevalet på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.