Vestnes sentrum.
Per-Kristian Bratteng
Det skriv Distrikssenteret på sine nettsider.
Sidan 2022 har Vestnes kommune busett mange flyktningar, dei fleste frå Ukraina. Samstundes har lokalt næringsliv hatt stor mangel på arbeidskraft, særleg i praktiske og tekniske yrke. Språk, kulturforskjellar og HMS‑krav gjorde likevel overgangen til arbeidslivet krevjande.
Målretta samarbeid
Løysinga blei eit målretta samarbeid mellom Vestnes kommune, Vestnes Næringsforum, NAV og næringslivet. Jobbmesser, praksisplassar og tett oppfølging blei brukt systematisk for å kople arbeidsgivarar og arbeidssøkarar.
– Vi hadde ansvar for deltakarane i introduksjonsprogrammet, men kunne ikkje skape jobbar åleine, seier Toril Alvsåker, konstituert einingsleiar i flyktningtenesta i Vestnes kommune.
Vestnes blei motor i arbeidet
Vestnes Næringsforum fekk rolla som motor i arbeidet. Med prosjektmidlar frå Møre og Romsdal fylkeskommune har næringsforumet jobba tett og langsiktig mot arbeidsgivarane. I perioden 2023–2025 har fylkeskommunen bidratt med 500.000 kroner.
Fylkesvaraordførar og lokalpolitikar Anne Marie Fiksdal kjenner prosjektet i Vestnes både som regional politikar og lokal folkevalt. Ho meiner mykje har fungert godt, men peiker på at politikarane i liten grad har vore orienterte om arbeidet undervegs. Samtidig rosar ho innsatsen frå Vestnes Næringsforum og understrekar kor avgjerande den tette kontakten med arbeidslivet har vore.
– Næringsforum har gjort ein enorm jobb. Kontakten med næringslivet er heilt avgjerande, seier Fiksdal ifølge Distriktssenteret sine nettsider.
Vil ha meir politisk involvering
Ho meiner likevel at manglande politisk forankring gjer slike arbeidsformer meir sårbare når prosjektmidlar tek slutt. Skal erfaringane leve vidare, meiner ho politikarane må ha betre kjennskap til arbeidet og ta ansvar for vidareføring.
– Skal slike arbeidsformer vare, må også politikarane kjenne dei godt nok til å ta ansvar for vidareføring, seier Fiksdal.
– Arbeidsinkludering krev samhandling over tid, med klare rollar og tillit mellom aktørane. Det er dette fylkeskommunen ønsker å støtte, seier May Britt Roald, rådgivar for næring og nyskaping i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Tydelege resultat
Resultata er tydelege. I 2023 kom 24 personar i jobb etter språkpraksis. I 2024 var 40 flyktningar i arbeid, og i 2025 var talet 31. Aas Mek. Verksted er eitt døme, med seks fast tilsette som kom inn via praksis.
Erfaringane er no vidareførte gjennom ei mentorordning knytt til frivilligsentralen.