Smågutar fann sjeldne myntar frå mellomalderen

Då Jan Gunnar Fugelsnes og broren gjekk på skattejakt under golvet på Edøy kyrkje i Smøla i 1964, gjorde dei eit funn som ingen har sett maken til på Smøla, verken før eller sidan. 

Eldre mann held ei gul eske med myntar i.  - Klikk for stort bileteJan Gunnar Fugelsnes med myntane han fann som liten gut under kyrkjegolvet på Edøykyrkja. Fotograf: Carl-Fredrik Wahr-Hansen Vemmestad

Jan Gunnar og broren klarte å krype inn under kyrkjegolvet, som tyskarane hadde grove ut for å få på plass til eit ammunisjonslager under krigen. I eit hjørne fann han først éin, så to, og til slutt heile 14 sølvmyntar. Han pakka dei pent i ei gul Kodak-lysbilde eske, og der blei dei liggande fram til hausten 2023.

-  Vi var berre barn på skattejakt under kyrkja, vi skjønte ikkje kor sjeldne myntane var. I tillegg fann vi tre beslag, ei perle av rav og ni nåler denne dagen, seier Fugelsnes. 

Då fylkeskommunen gjennomførte undersøkingar på Edøy på slutten av fjoråret, fortalte Fugelsnes, som framleis bur på Smøla, fylkesarkeolog Carl Fredrik Wahr-Hansen Vemmestad om kva han hadde funne den gongen, for 60 år sidan.

- Funnet er utroleg sjeldan. Elles i Midt-Noreg er det bokstaveleg talt berre ei handfull slike myntar som har overlevd til vår tid. Myntane gir eit unikt innblikk i mellomalderen på Edøy, seier Vemmestad. 

Nærbilde av 14 myntar frå mellomalderen, funne på Smøla. - Klikk for stort bilete- Funnet av myntane er utroleg sjeldan. Elles i Midt-Noreg er det bokstaveleg talt berre ei handfull slike myntar som har overlevd til vår tid, seier fylkesarkeolog Carl Fredrik Wahr-Hansen Vemmestad Carl Fredrik Wahr-Hansen Vemmestad

Mellomalderkongen

foto viser gammal mynt,  målet om lag 1, 5 cm i lengden. - Klikk for stort bileteLitt prega av tidens tann, men verdifull mynt frå mellomalderen, funne på Smøla. Carl Fredrik Wahr-Hansen Vemmestad

I følgje arkeologen kan myntane som er prega med ei krona hovud, vere frå mellom 1250-1300-tallet. Desse vart mest sannsynleg utgitt av Magnus Lagabøte, som var ein svært viktig konge i Noreg i mellomalderen. Blant myntane er det også ein mynt frå mellom 1450-1481, av kong Christian den 1, som er stamfaren til dagens norske og danske kongehus.

-  Funnplassen og samansetninga av myntar og tinga tyder på at dei kan stamme frå ei gravfesting som vart lagt under kyrkjegolvet i mellomalderen, mellom ca. 1200-1300 e.kr, legg Vemmestad til. 

- Nålene er truleg frå kleda til liket, og 1200-1300 e.Kr. og ravperla er kan vere frå  ein såkalla paternoster, altså ein bønnekrans.

Finnaren Fugelsnes har sin eigen teori.

- Eg trur myntane kan vere frå kollekten som kan ha brunne saman med kyrkja ein gang i fortida. Edøy kyrkje har tross alt brent fleire gongar. 

Sikra for framtida

Fylkesarkeologen presiserer at alle mynter som er eldre enn 1650, som ikkje har vore i privat eige før 1905, høyrer til staten gjennom loven om kulturminne. 

-  Vi er veldig glade for at Jan Gunnar let oss ta over disse myntene, slik at dei kan bli bevart på ein trygg måte og sikrast for framtida, legg Vemmestad til. 

 

Kontakt: 

Mann held ein liten boks med eldre myntar frå mellomalderen - Klikk for stort bileteFylkesarkeolog Carl Fredrik Wahr-Hansen Vemmestad er glad for at Jan Gunnar Fugelsnes tok kontakt om dei sjeldne myntane, slik at dei kan bli tatt vare på for framtida. Møre og Romsdal fylkeskommune

Hilde Arna Tokle Yri, seksjonsleiar, tlf: 977 57 600

Guro Dehlo Sanden, arkeolog/rådgivar, tlf: 712 80 326