Smøla vil løfte gulrota – får over ein million i støtte

Eit tilskot på 1.047.900 kroner skal bidra til at prosjektet Gulrot 110 aukar salbar avling av gulrot og kålrot på Smøla med 10 prosent innan tre år. 

Det er kompetanse- og næringsutvalet som einstemmig har løyvd tilskotet.

Gulrot 110-prosjektet er eigd av Norsk landbruksrådgiving og er eit svar på eit konkret behov frå dyrkarmiljøet i regionen.

Bakgrunnen for vedtaket er ønsket om å styrke grønsaksproduksjonen i eit av kjerneområda for frilandsgrønt i fylket. Smøla produserer årleg mellom 1.100–1.300 tonn gulrot og 180–250 tonn kålrot, og mykje av dette går til marknaden gjennom Smølagrønt, Bama og lokale butikkar. Smølagulrot er ei etablert merkevare, men produsentane ønsker no å løfte både kvalitet og volum.

Prosjektet er delt inn i fire arbeidspakkar:

  • Forbetringspotensial – Samarbeid med dyrkarane for å identifisere flaskehalsar og prioritere tiltak.
  • Agronomiske tiltak – Utprøving av frø, gjødsel, plantevern og dyrkingsteknikkar.
  • Lagringskvalitet – Optimalisering av lagringsforhold og vurdering av vaske- og pakkelinja.
  • Formidling – Deling av kunnskap gjennom fagsamlingar og lokale møte.

Prosjektet er brukarstyrt og legg stor vekt på involvering av dyrkarane i alle fasar. Det skal gjennomførast planleggingsmøte, evalueringar og aktiv kunnskapsdeling undervegs.

Fylkeskommunen vurderer prosjektet som relevant, godt forankra og med overføringsverdi til andre grønsaksmiljø. Det kan bidra til redusert matsvinn og auka lønsemd i næringa. 

Pengane er løyvd frå den statlege tilskotsordninga, Regionale tilretteleggingsmidlar i landbruket, som fylkeskommunen forvaltar. 

Saksliste, saksframlegg og møteprotokoll for kompetanse- og næringsutvalet 8. mai