Omvisning på anleggsområdet.
Sondre Ulleland
Anleggsmaskiner, utstyr og folk med gule kle er for tida å sjå mellom Bådalen og Vebenstad i Averøy kommune. Ein 1.100 meter lang gang- og sykkelveg skal endeleg få bidra til at bebuarar kan bevege seg trygt langs vegen, men først må ein gjennom ei byggeperiode.
- Vi besøkte den lokale skolen i førre veke, fortel byggeleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Knut Roald Ugelstad.
Saman med entreprenøren Aurstad tunnel AS ville dei gi informasjon, og få fokus på trafikktryggleik langs strekninga. I tillegg til møtet blei elevane tatt med ut til anleggsområdet, der dei mellom anna fekk sitte i ein lastebil.
- Vi er opptatt av trafikktryggleik i byggeperioden, og har eit ansvar for å gi barn kunnskap for å ferdast trygt, seier Ugelstad vidare.
I lastebilen fekk dei lære om blindsone.
Det blei også gitt informasjon om dei om dei ulike fasane i byggeperioden, og kva barna skulle være ekstra merksame på. Alle gleda seg til ny gang- og sykkelveg er på plass.
Prosjektet startar med ei eiga gangbru over Bådalselva, ved sida av bilvegen. Denne blir 19 meter lang. Det blir ein bra gang- og sykkelveg, som er regulert med tre meters breidde fram til Bodalen friskule. Det blir også utbetring av busslommene og utbetring av kryss langs strekninga.
Prosjektet er estimert ferdig seinhausten 2026.
Sjå bilder frå omvisninga: