Snart startar del 2 av arbeidet med skredvarsling i Geiranger

Kontrakt for del 2 av arbeidet med skredvarsling er inngått med Cautus Geo AS for skredpunkta Grandefonna og Sildesteinen. Dei skal mellom anna levere radarar og kamera for overvaking. Testperiode startar i januar 2025. 

Personer med gule klær i fjellside - Klikk for stort bileteArbeid i fjellsida i Geiranger. Kristian Bjørdal

Strekninga på fv. 63 mellom Grande og Geiranger er utsett for snøskred. No skal Grandefonna og Sildesteinen overvakast slik at snøskred kan bli oppdaga. Vegen skal då automatisk stengast med bom.  - 

- Skredradarane er venta montert i løpet av januar, og vil vere i full drift i løpet av vinteren 2025.  

Dette fortel Solgunn Langlo, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune. Det blir ei innkøyringsfase kor anlegget må lære seg å kjenne fjellsida og tilhøva. Anlegget skal mellom anna tilpassast slik at vegen ikkje stenger oftare enn naudsynt, dersom røyrsler i fjellsida fangast opp.  

- Testperioden vil pågå vinter og haust 2025. Trafikantar vil kunne oppleve at vegen automatisk stengast for trafikk i nokre minutt, seier ho.  

Det som skjer er at skredradarane registrerar snøskred. Deretter registrerast det om massane har nådd vegen. Dersom skred ikkje har nådd ned til vegen vil bommane automatisk bli opna.  

Førebuande arbeid blei gjennomført av Busengdal AS i 2024. Infrastruktur som radarmast, kabeltrasear, vegbommer og stoppblinksingnal blei etablert. I november og desember har det gått føre seg testing av stengeanlegget langs vegen, men no tek Cautus Geo AS over del 2 av arbeidet. 

Bommer over vegen. - Klikk for stort bileteBommane går ned når anlegget registrerar snøskred. Kristian Bjørdal