Selvågtunnelen (1069m) med dagsoner skal utbetrast for å imøtekomme Tunneltryggleiksforskrifta, samt naudsynte oppgraderingar knytt til dagens vegnormalar. Arbeidet er lyst ut og anbodsopning er 1. november. Arbeidet er forventa å starte i januar 2025.
SelvågtunnelenOpen dag 23. oktober, 12.00 -17.00
Møre og Romsdal fylkeskommune må gjennomføre omfattande rehabilitering av ei lang rekkje tunnelar i fylket for å tilfredsstille dagens regelverk. No er det snart Selvågtunnelen sin tur. Når ein skal gjere jobbar i tunnelar så vil det føre til redusert framkomme, sjølv om vi alltid prøvar holde trafikken open så langt det er rå.
Arbeida i tunnelen skal gå føre seg på kvelds- og nattetid, med arbeidstid mellom kl. 20.00 og 06.00 alle dagar. I dette tidsrommet blir det lagt opp til kolonnekøyring med gjennomslepp til faste tider, medan utrykkingskøyretøy kan passere til ei kvar tid.
- Dette prosjektet er på ei strekning med mykje trafikk, og sjølv om jobben skal gjerast på kveld og natt, vil det få følgjer for mange. Derfor ønskjer vi å komme tidleg i kontakt med dei som blir påverka av dette, for å gi informasjon og avdekke behov. Dette er ei fin moglegheit til å innsikt i detaljane, seier prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Erlend Opstad.
23. oktober inviterer prosjektet til open dag på anleggsbrakka som er plassert på Storehølvegen 18c i Ulsteinvik. Alle interesserte kan besøke anleggskontoret mellom 12.00- 17.00 denne dagen. Der det vil bli informert om jobben som skal gjerast, samt at det er ein fin arena for å stille spørsmål og opprette ein god dialog.
Fakta om jobben som skal gjerast
- Fri høgde i tunnelane aukast til 4,6 meter, frå ca. 4,2 meter i dag
- Ny drenering inkludert system for oppsamling av vaskevatn, olje og slam
- Rive og reetablere vatn- og frostsikring ca. 8200 m2
- Forsterke bergsikring
- Utskifting av tunnelbelysning og lys i dagsoner
- Utskifting og oppgradering av tryggleikutrustning
- Utskifting av skilt og ny vegmerking
- 2 tekniske bygg
- 2 Fjernstyrte bommar og 2 høgdehinder
- Nye stopplommer før Selvågtunnelen på begge sider
- Riving og reetablering/oppgradering av rekkverk
- Ny asfalt ca. 9000 m2