Snart val: Elevar får kurs i politisk debattstyring

Korleis handtere hersketeknikkar, høge temperaturar og sette grenser? For å førebu seg til skulevalet, får vgs-elevar opplæring i korleis dei skal styre ein politisk debatt. 

Elevar sit i ein sal framfor ei scene der det sit eit panel av personar som diskuterer - Klikk for stort bileteDet er snart val, no får elevar frå vgs opplæring i ordstyring. Ndla

2. og 3. april blir det arrangert kurs i ordstyring for elevar i vidaregåande skolar i fylket, i Ålesund og i Kristiansund. Elevar frå 14 skolar, også private, får opplæring i korleis dei skal halde tunga beint i munnen og hovudet kaldt i ein oppheita diskusjon. 
Målet med kurset er å forbetre kvaliteten på skoledebattane til hausten og styrke elevmedverknaden.
-    Dette initiativet er eit viktig steg for å sikre rettferdige og engasjerande debattar under skolevalet, styrke lokaldemokratiet og legge til rette for at elevane sjølve kan delta som ordstyrarar, seier Einar Hoem, som koordinerer skolevala i vidaregåande i fylket.  
På kurset lærer elevane blant anna debattleiing, korleis dei handterer hersketeknikkar og set grenser, med både teori og praktiske øvingar. Kursa blir arrangert av Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU), med kurshaldarar frå same organisasjon. 

Demokratiopplæring

Skolevalet er ein del av demokratiopplæringa i skolen, der elevane deltar aktivt i politiske diskusjonar, får kunnskap om politikk og stemmer på partiet dei ønsker. Men etter tilbakemeldingar frå ungdomspartia, elevorganisasjonar og LNU, har Utdanningsdirektoratet blant anna anbefalt at elevar får vgs får tilbod om ordstyrarkurs for å kunne delta som debattleiarar. 
-    Skolane styrer sjølve korleis dei riggar skolevala, men vi legg til rette for at elevar får meir kompetanse og tryggheit som debattleiarar, seier Einar Hoem.
Fylkesutvalet har løyvd 120 000 kroner til kursa. 
Dei offisielle skolevaldatoane er 1. og 2. september, men skolane kan velje å avhalde valet veka før, frå 25. august.