Søkartala for vgs: Auka interesse for fagopplæring og yrkesfag

Søkartala for skoleåret 2026/2027 er klare. Til trass for ein nedgang i talet på søkarar til vidaregåande opplæring totalt, er interessa for fagopplæring og fleire yrkesfag sterke i Møre og Romsdal.

Elev på verkstad. - Klikk for stort bileteKristiansund vgs, teknikk og industriell produksjon. Tingh / Møre og Romsdal fylkeskommune

Søknadsfristen gjekk ut måndag 2. mars.

Til vg1 med ungdomsrett er det i år 3.758 førsteønske-søkarar, mot 3.940 i fjor – ein nedgang på 5 prosent. Samla på alle nivå er det 9.092 førsteønske-søkarar med ungdomsrett, ned frå 9.246 i fjor.

Yrkesfaglege utdanningsprogram på vg1 held seg stabile, og andelen søkarar til vg1 yrkesfag har auka svakt frå 63,5 til 63,7 prosent.

I søkarstatistikken kan då studere alle søkartala, heilt ned på kvar enkelt skole.

Rekordmange vil til fagopplæring

Til fagopplæring er det i år 1.326 førsteønske-søkarar busette i Møre og Romsdal. Det er ein auke på 8 prosent, eller 102 personar, samanlikna med i fjor. Talet er det høgaste som er registrert per mars så langt tilbake ein har oversikt. Dei siste fem åra har talet lege stabilt rundt 1.220 søkarar, og i perioden 2012–2017 låg nivået mellom 1.120 og 1.180.

Knallhard kamp om dei mest populære tilboda

Det mest populære tilbodet i strukturen er Elektro og datateknologi, yrkes- og studiekompetanse (YSK) vg1 ved Haram vgs. Tilbodet har ei søkaroppfylling på 450 prosent – 18 søkarar til fire plassar.

Nest mest populært er vg2 Ambulansefaget ved Ålesund vgs, med 387 prosent søkaroppfylling (58 søkarar til 15 plassar). Vg1 Naturbruk ved Kristiansund vgs er òg kraftig oversøkt, med 293 prosent søkaroppfylling.

Jenteløft på teknologifaga

Teknologi- og industrifag skil seg ut med ein auke på 3 prosent i førsteønske-søkarar, trass i den generelle nedgangen. Her er 20 prosent av søkarane til vg1 jenter – den høgaste andelen som nokon gong er registrert.

Også bygg- og anleggsteknikk har ein relativt høg andel jenter: 18 prosent av søkarane til vg1, den nest høgaste andelen nokon gong (toppåret var 19 prosent i 2022).

Store skilnader mellom skolane

Rauma vgs har den største prosentvise veksten både på vg1 og totalt. På vg1 aukar søkinga med 39 prosent, frå 66 søkarar i fjor til 92 i år. Totalt er veksten på 19 prosent. Forklaringa ligg i eit svært lite avgangskull i fjor og eit langt større i år.

Dei to minste skolane i fylket, Stranda vgs og Tingvoll vgs, har rekordlåg søking totalt. Berre 88 personar har Stranda vgs som førsteval, medan Tingvoll vgs berre har 58 søkarar.

Romsdal vgs og Kristiansund vgs har høgast søkaroppfylling på vg1, med høvesvis 140 og 136 prosent. Det betyr at Romsdal vgs har 40 prosent fleire søkarar enn talet planlagde plassar i strukturen før eventuelle kapasitetsendringar.