Søkartala klare: Fleire vel studieførebuande, men yrkesfag framleis størst

Søkartala viser at fleire søker studieførebuande, både på Nordmøre, Romsdal og Sunnmøre.

Lærar i klasserom i lag med fleire elevar - Klikk for stort bileteAndelen søkarar som vel studieførebuande gjer eit lite hopp frå i fjor. Terje Aamodt

Etter at fristen til å søke gjekk ut på måndag, er søkarstatistikken klar for dei offentlege vidaregåande skolane i fylket.

3.942 elevar med ungdomsrett har no søkt vidaregåande opplæring på vg1. Totalt er det 9.246 søkarar til alle tre trinna.

- Vi ser i år ei lita endring i søkarmønster for første trinn, der andelen elevar som søker seg til studieførebuande gjer eit lite hopp, seier Maria Enstad, seksjonsleiar for inntak.

Totalt er det 121 fleire enn i fjor som har studieførebuande som første ønske, noko som er ei auke på to prosentpoeng frå fjoråret. 37 prosent av søkarane til første trinn har valt studieførebuande.

- Dette er gledelege tal. Og det er positivt å sjå at det er ei auke i søking til studieførebuande i alle tre regionar, for vi treng både elevar med studiekompetanse og yrkesfagkompetanse for å møte framtidas arbeidsbehov, seier Enstad vidare.

Teknologi- og industrifag aukar mest

Søkinga til yrkesfaga held seg framleis høg og størst, med ein andel på 63,5 prosent på første trinn.

Teknologi og industrifag, elektro- og datateknologi og bygg- og anlegg har stabilt høge søkartal.

Restaurant- og matfag, sal, service og reiseliv og helse- og oppvekstfag har færre søkarar når ein ser på fylket under eitt.

Fleire jenter på naturbruk og teknologi- og industrifag

Søkemønsteret held seg nokså tradisjonelt, blant gutar og jenter, også i denne runden.

Den mest markerte skilnaden frå i fjor er at fleire jenter søker seg til teknologi- og industrifag, med 18 prosent av søkarane. Fleire jenter søker seg også til naturbruk, totalt 30 prosent av søkarane mot 27 i 2024. Elektro fortset med auken dei har hatt med fleire jenter sidan 2019.

På IT og medieproduksjon søkk andelen jenter frå 19 til 14 prosent.

På helse- og omsorg er ubalansen ytterlegare forsterka, berre 9 prosent av søkarane er gutar.

Her finn du søkarstatistikk fordelt på skole, trinn, programtilbod, kjønn, historisk utvikling med meir.

Søkarar til Vg1 etter utdanningsprogram 1. ønske, ungdomsrett, heile fylket

Utd.typeUtd.prog.2024-20252025-2026SøkararProsent
Studiefb.Idrettsfag299298-10 %
Studiefb.Kunst, design og arkitektur9610044 %
Studiefb.Musikk, dans og drama13013000 %
Studiefb.Medier og kommunikasjon179-8-47 %
Studiefb.Studiespesialisering77790312616 %
YrkesfagBygg- og anleggsteknikk17017111 %
YrkesfagHåndverk, design, produktutv.2326313 %
YrkesfagElektro og datateknologi407421143 %
YrkesfagFrisør, blomst, int, eksp.design919322 %
YrkesfagHelse- og oppvekstfag580552-28-5 %
YrkesfagIT og medieproduksjon798011 %
YrkesfagNaturbruk24625152 %
YrkesfagRestaurant- og matfag119108-11-9 %
YrkesfagSalg, service og reiseliv175161-14-8 %
YrkesfagTeknologi- og industrifag597639427 %
 Samla tal søkarar3.8063.9421364 %
 Tal søkarar til SF1.3191.4401219 %
 Tal søkarar til YF2.4872.502151 %
 Del søkarar til SF35 %37 %  
 Del søkarar til YF65,3 %63,5 %