Ungdommens fylkesting går av stabelen i Ålesund, 21.-23. mars. Om lag 70 ungdom frå ungdomsråd i dei fleste kommunane møtest for å stake ut kursen for ungdomspolitikken i fylket og vedta nytt ungdomspanel. Her får dei uttale seg om kva saker som er viktigast for dei og kva visjonar dei har for fylket i framtida.
For å få sikre stemmer frå ulike hald og god representasjon, er det sett av ti plassar til representantar frå lag og organisasjonar i fylket. No oppmodar Ungdomspanelet ungdom i alle typar organisasjonar til å melde seg på.
-Dette er ein svært god sjanse for organisasjonane til å påverke ungdomspolitikken i fylket, i tema som kollektivtransport, skoletilbodet, idrett og kultur. For ungdommens fylkesting er det viktig å få fram alle slags stemmer, derfor ønsker vi også at ungdom som er aktive i organisasjonar skal melde seg på, seier Magnus Smørdal, som er leiar i Ungdomspanelet.
At delegat frå organisasjonar kan delta, er ikkje noko nytt, men det er ein lite brukt moglegheit. Panelet ønsker at fleire skal bruke sjansen.
- Delegatane får ein unik moglegheit til å påverke ungdomspolitikken i Møre og Romsdal.
Får påverke
Delegatar frå organisasjonar får
- talerett
- stemmerett
- delta i gruppearbeid
- moglegheit til vald inn i Ungdomspanelet
Alle som ønsker å vere med må søke via fylkeskommunen sine nettsider, innan 1. mars.