Ungdommens fylkesråd vil at ungdom i lag og foreiningar skal engasjere seg. Framme frå venstre: Sara Hasselø Berg, Lisa Roald, Iver Aarebrot, Thanura Premakumar, Sandra Hjelvik. Leni Blank, Ida Fjerstad, Linda Mordal, Kenni Dogbey, Olivier Karkowska. Bak frå venstre. Paul Roth, Kasper Dalhaug, Anders Krogseth, Marius Ringstad.
Jan Ragnvald Eide
Ungdommens fylkesting går av stabelen i Molde, 13.-15. mars. Om lag 70 ungdom frå ungdomsråd i dei fleste kommunane møtest for å stake ut kursen for ungdomspolitikken i fylket og vedta nytt ungdomspanel.
For å få sikre stemmer frå ulike hald, er det sett av ti plassar til representantar frå lag og organisasjonar i fylket. No oppmodar Ungdommens fylkesråd ungdom i alle typar organisasjonar til å melde seg på.
- Dette er ein unik og god sjanse til å påverke ungdomspolitikken i fylket, i tema som kollektivtransport, skoletilbodet, idrett og kultur. For ungdommens fylkesting er det viktig å få eit så stort mangfald i stemmer som mogleg, derfor ønsker vi også at ungdom som er aktive i organisasjonar skal melde seg på, seier Iver Aarebrot, leiar i Ungdommens fylkesråd.
Får påverke
Delegatar frå organisasjonar får
- talerett
- stemmerett
- delta i gruppearbeid
- moglegheit til å bli vald inn i Ungdomspanelet
Alle som ønsker å vere med må søke via fylkeskommunen sine nettsider, innan 13. februar.