Frå kunstnaropphald i 2022.
Kristian Glomnes Selon, SEANSE
Denne våren startar Seanse – senter for kulturproduksjon – eit kurs for mentorar. Seanse har sett eit aukande ønske om rettleiing og mentoring frå både produksjonar, kunstprogram, og utviklingsprosjekt. No har dei utvikla ei mentorordning som dei kan tilby blant anna kunstnarar, kunstproduksjonar, institusjonar og nasjonale-, regionale- og kommunale aktørar.
«Dette vil gi oss mulighet for si ja til flere eksterne oppdrag, både enkeltoppdrag av kortere varighet eller følgementorering over tid», skriv Seanse på eigne nettsider.
Starthjelp på 325.000 kroner
I mars i fjor løyvde kultur-, næring- og folkehelseutvalet 1,2 millionar kroner til verdiskaping innan kulturell og kreativ næring. Blant dei fire som fekk midlar, var Seanse; 325.000 kroner til å «Etablere mentor-teneste for kunst og kulturprosjekt, til kunstnarar, kunst- og samfunnsinstitusjonar».
Tre vedtekne strategiar
Prosjekt som fylte vilkåra for ordninga måtte treffe innanfor dei tre vedtekne strategiane for verdiskaping innan kulturell og kreativ næring:
- Å styrke kunsten sine rammevilkår, kunstnarøkonomien og den enkelte kunstnar si rolle som innhandsleverandør til kulturlivet og kulturinstitusjonar.
- Bransjeutvikling for å styrke kulturelle og kreative næringar sitt potensiale til verdiskaping, sysselsetting, og til nyskaping og innovasjon også inn mot andre næringar, med ei særskilt blikk på reiselivet.
- Å legge grunnlag for stadlege kompetansemiljø, nye samanhengande utdanningsløp, kunnskapsutvikling og forsking.
Søker fem til sju mentorar
No søker Seanse fem til sju mentorar. Deltakarar må ha profesjonell kunstnarisk bakgrunn eller praksis som undervisar eller rettleiar frå universitet og høgskolar.
Søknadsfristen er 1. mars.