Sørsundbrua i Kristiansund.
Ingvild Dverseth Sæter
Bakgrunnen for vedtaket er ein kraftig kostnadsauke i prosjektet. Rehabilitering av gamle bruer er kompliserte prosjekt. Opphavleg var det sett av 130 millionar kroner, men nye tilbod og oppdaterte anslag viser at kostnadene blir langt høgare. Auken skuldast mellom anna større omfang av arbeidet og vesentlege høgare kostnadar enn anslått frå konsulent.
Sørsundbrua knyter bydelane Innlandet og Kirklandet saman. Brua er i dårleg forfatning, og utbetringane skal forlenge levetida med 25-30 år. Fase 1 omfattar skipsstøytsvern, medan fase 2 inkluderer oppspenning, karbonfiberforsterking og nytt rekkverk.
Arbeidet startar hausten 2025, og heile prosjektet er venta ferdig i 2027.
Møteinnkalling, saksliste og saksframlegg for fylkestinget 10.-11. juni finn du på fylkeskommunen sine nettsider.