Sørsundbrua i Kristiansund.
Møre og Romsdal fylkeskommune
Brueigar Møre og Romsdal fylkeskommune skal gjennomføre forsterkingar for å sikre brua mot både vindlast og skipspåkøyrsler.
Arbeidet blir utført av Christie & Opsahl AS, og omfattar forsterking av fundament, fenderplate og tårn. Det skal jobbast med sjøarbeid på begge sider av brua, inkludert dykking, bruk av lektere og forskaling av armeringarbeid under vatn. Mesteparten av arbeidet vil ikkje vere synleg før støyping.
– For tryggleiken til dei som gjer arbeidet under vatn, er det viktig at Sørsundet er heilt stengt for båttrafikk mens arbeidet går føre, seier prosjektleiar Aksel Blø, prosjektleiar i Christie & Opsahl.
I dag er det allereie forbode for fartøy over 24 meter å passere under brua, nettopp for å hindre påkøyrsel. Under anleggsperioden blir Sørsundet fysisk stengt med gule bøyer med blinkande lys. Omkøyring skjer via Markussundet.
Det blir etablert merka lei for sjøtrafikk til og frå Kristiansund Småbåtlag på Innlandet.
Fylkeskommunen ber alle båtførarar om å respektere stenginga og vise omsyn til anleggsarbeidet.
Kontaktpersonar:
- Aksel Blø, prosjektleiar Christie & Opsahl, telefon 46 91 67 20.
- Kjell Inge Langlo, overingeniør Møre og Romsdal fylkeskommune, telefon 91 13 40 49