Soundfence vann Fylkesmesterskap for studenbedrifter

Soundfence SB frå NTNU i Ålesund gjekk heilt til topps under årets Fylkesmesterskap for studentbedrifter. 

Studentar med premie. - Klikk for stort bileteSoundfence SB frå NTNU Ålesund. Yunus Opgård/Ungt Entreprenørskap

Soundfence skal saman med Actio SB frå Høgskolen i Molde representere Møre og Romsdal i NM for studenbedrifter i Oslo 6. juni.

Forretningsideen til Soundfence er ei eining som sender ut høgfrekvent lyd og blinkande lys når eit dyr passerer sensor. Den høgfrekvente lyden skal holde hjort, elg og rådyr vekk frå jordbruksområde.  Juryen såg stor nytte og potensial for verdiskaping i løysinga, og ønsker dei masse lykke til vidare med utviklinga.

Studentar med premie. - Klikk for stort bileteActio SB frå Høgskolen i Molde. Yunus Opgård/Ungt Entreprenørskap

Actio SB frå Høgskolen i Molde vann prisen Beste samarbeid med næringslivet. Actio har fokus på å fremme innanforskap og inkludering gjennom ein tilrettelagt aktivitetskalender for innbyggarar som fell utanfor. Juryen var imponerte over kor godt studentbedrifta var i gong, med givande samarbeid med fleire aktørar frå arbeids- og næringsliv.

Det er Ungt Entreprenørskap som skriv dette på sine nettsider.

Konkurransen vart arrangert tysdag 23. april vede NTNU i Ålesund.