SSB: Folk i Møre og Romsdal har blant dei lågaste bu-utgiftene i landet

Medan store byar som Oslo og Stavanger har høge bustadprisar og aukande leigeutgifter, har innbyggarane i Møre og Romsdal lågare faste utgifter bunde til bustadsformål. Dette viser Statistisk sentralbyrå si levekårsundersøking for 2023.  

Den årleg levekårsundersøkinga til Statistisk sentralbyrå blei lagt fram førre veke og syner at Møre og Romsdal er fylket med 3. lågast total bu-utgifter. Det er berre fylka i Nord-Norge som har lågare bu-utgifter, medan Innlandet ligg på plassen føre. Det er 272 husstandar i Møre og Romsdal som har blitt trukke ut til å svare.

Fylkesplansjef Ingunn Bekken Sjåholm kommenterer tala slik:

“Eit av fortrinna med å bu i Møre og Romsdal er at vi har meir igjen til andre formål når rekningane til bustaden er betalt. Vi har låge bukostnader i forhold til mange andre fylke. Når det gjeld subjektiv oppleving av kor tyngande ein synest bukostnadane er, så ligg vi midt på treet av fylka.”

Med ei total årleg bu-utgift på 135 602,- ligg Møre og Romsdal på totalt 9. av 11 plasser.  

Følger utviklinga over tid

Målet med Levekårsundersøkinga er å belysa hovudtrekk og ulikheiter i levekår blant befolkninga, og å følgja utviklinga over tid. Over ein treårsperiode skal Levekårsundersøkinga EU-SILC, saman med dei SSB sine undersøkingar om arbeidsmiljø og helse, omsorg og sosial kontakt, dekka dei viktigaste levekårsområda i den norske befolkninga.

Møre og Romsdal ligg på midt på treet i kategorien «opplever boutgiftene som svært tyngende». Det er 7 prosent av dei spurde frå Møre og Romsdal som svarar dette. Dette er lik score med Agder. 

Klikk her for å sjå levekårsundersøkelsen på SSB sine heimesider (Ekstern lenke).