Stabbur i Sunndal datert til 1589

Eit rom i eit stabbur på Ålvund i Sunndal viser seg å vere bygd i 1589 eller kort tid etter.

Dendroprøver, også kalla årringsdatering, frå den vestre tømmerkassa i stabburet fortel at bygningsmaterialet er felt vinterhalvåret 1588-1589. 

– Med dette er stabburet på Utistua Ålvund den eldste ikkje-kyrkjelege bygningen som til no er datert i Sunndal kommune og på Nordmøre, seier arkitekt Ola Hjelen i fylkeskommunen, som tok prøvene.

Eigaren positiv til freding

Dateringa til før år 1650 fører til at stabburet skal erklærast som automatisk freda byggverk i samsvar med kulturminnelova § 4.3. Det ser ikkje eigar av Utistua på Ålvund i Sunndal, Tore Ulvund, og sambuaren Gunhild Nyaas, som eit problem:

Automatisk freding er ein del av løypa vi må gå for å komme oss vidare og kanskje bruke det til marknadsføring for tilleggsnæring – for eksempel sesongutleige av stabburet.

– Det ser eg på som positivt fordi eg trur at vi allereie har eit viktig kulturmiljø rundt oss – både på vår gard og på nabogarden, Kyrkjehaugen, som allereie er registrert. Det er funne stolpehol som viser at kulturhistoria er veldig gamal, seier Ulvund. – Automatisk freding er ein del av løypa vi må gå for å komme oss vidare og kanskje bruke det til marknadsføring for tilleggsnæring – for eksempel sesongutleige av stabburet.

– Kva tenker du om at delar av stabburet er frå 1589?

– Det synest eg er utruleg fascinerande, og eg er faktisk litt stolt over at vi har gått vegen vi har gått, og fått gjort analysen. Eg ser berre moglegheiter med tilskotsordningane som finst. Vi har kunna redde og vedlikehalde bygninga med støtte frå Norsk kulturminnefond, Norsk kulturarv og spesielle miljøtiltak i jordbruket, seier Tore Ulvund.

Automatisk freda byggverk

Fredinga gjer altså at eigar får moglegheit til å søke om tilskot til istandsetting. Nyleg løyvde kultur- og folkehelseutvalet 332.000 kroner til istandsetting av stabburet på Litlvågen. Dette fordi det vart datert til før 1650. 

Det er det vestre bursrommet som er eldst, den er lafta og har indre mål på 4 x 3,9 meter. Tømmerkassa var opphavleg i ein etasje. Veggane har merker etter flytting.

Resten av stabburet har eit enklare laft og viser seg å vere frå 1843. Den eldre tømmerkassa har då blitt bygd inn i eit nybygd dobbelstabbur.

Kartlegg bygningar i fylket

Sidan 2021 har fylkeskommunen kartlagt bygningar i Møre og Romsdal som kan vere eldre enn 1650. Bygninga føyer seg inn i rekka av eit fåtal ikkje-kyrkjelege bygningar i Møre og Romsdal med opphav frå 1500-talet, kor det av dei som er datert finst ei overvekt på Søre Sunnmøre. I Sunndal kommune er det datert ei anna bygning frå 1500-talet, sengstua Flåstua som står på Sunndal bygdemuseum. Andreetasjen på Flåstua er bygd kort etter 1591.

Av dei som er datert, finst det i nærleiken av Ålvund fleire liknande stabbur som vi gjennom prosjektet har datert til tidleg på 1600-tallet.

– Av dei som er datert, finst det i nærleiken av Ålvund fleire liknande stabbur som vi gjennom prosjektet har datert til tidleg på 1600-tallet, fortel Ola Hjelen. – I januar 2023 vart stabburet på ein nabogard i Ålvundfjorden, Litlvågen, datert til 1617. Bygninga vart oppdaga ved ein tilfeldighet då eigaren inviterte oss med på synfaring. I april 2022 vart eit rom i dobbeltstabburet på Rykkjem datert til år 1616. Begge bygningane er konstruert med ein lafteteknikk som er svært lik den på Utistua Ålvund. 

– Med konsentrasjonen av bygningar frå same periode og med lik byggemåte, begynner ein å danne seg eit inntrykk av ein lokal byggeskikk frå overgangen 1500-1600-talet. I tillegg til eigenverdien, har bygningane derfor betydeleg verdi som samla bygningsmiljø. Kunnskapen om den høge alderen til desse bygningane er ny, og det er sannsynleg at det kan vere fleire bevarte i same område som enno ikkje er kjende, seier Hjelen.

Freding er eit kvalitetsstempel

I eit brev til eigar av Utistua på Ålvund i Sunndal, Tore Ulvund, skriv konstituert leiar av seksjon for kulturarv, Hilde Arna Tokle Yri, at freding er eit kvalitetsstempel, og at Ulvund har all grunn til å vere stolt over å ha kulturhistorie på gardstunet.

Eigarar av dei freda bygningane har ansvar for å ta vare på ein viktig del av Noregs historie. 

– Eigarar av dei freda bygningane har ansvar for å ta vare på ein viktig del av Noregs historie. Vi vil legge forhalda til rette for at du skal føle stoltheit over å vere eigar av ei særeiga bygning, skriv Yri i brevet til stabburseigaren.

Dateringa til før 1650 gjer at bygningseigaren kan søke om økonomisk støtte til vedlikehald og istandsetting. 

– No skal eigaren i gang med utleige av stabburet, eit positivt initiativ vi støtter og som kan vere ein god måte å vise fram den gamle bygninga på, seier Yri.

Seksjonsleiaren seier at dei gjerne vil ha tips om bygningar som kan vere eldre enn 1650.