Stabil kvinnerepresentasjon blant kommunepolitikarane i Møre og Romsdal

Men litt færre kvinnelege politikarar enn i resten av landet. 

Bilete av Lena Marie Landsverk Sande frå da ho var ordførar i Vanylven kommune. Ho står med ordførarkjedet på. - Klikk for stort bileteIllustrasjonsbilete. Lena Marie Landsverk Sande er enno folkevalt i Vanylven kommune, men er no varaordførar etter fire år som ordførar. Det kjem til syne i statistikken Per-Kristian Bratteng

Statistisk sentralbyrå har lagt fram statistikk om kvinneandelen i politikken.

Av totalt 735 valte representantar til kommunestyra i Møre og Romsdal i 2023 var 271 kvinner.

Dette er prosentvis ei lita auke frå 2019. Da var det 760 valte representantar og av dei var 277 kvinner.  Dette gir ei ending frå 36,4 til 36,9 prosent.  Møre og Romsdal litt under landssnittet som er på 40,7 prosent.

Ein kvinneleg ordførar mindre frå førre val

Etter det siste kommunevalet i 2023 er no nær 37 prosent av landets ordførar kvinner, ei auke på 1,3 prosentpoeng frå kommunevalet i 2019. 

I Møre og Romsdal har me no 9 kvinnelege ordførarar mot 10 i 2019.  Blant varaordførarane er det 10 kvinner i 2023 mot 9 i 2019. 

Eldre menn er overrepresentert

Alderssamansettinga har også endra seg frå 2019 til 2023. Den gruppa med størst representasjon i kommunestyra i Møre og Romsdal i 2023 var menn i alderen 60 år eller eldre. Dei utgjorde 23,4 prosent av kommunestyra. 

Gruppa med lågast prosentdel var kvinner mellom 18 - 29 år.  Dei utgjorde 2,2 prosent av representantane. 

Klikk her for å lese meir om saka hos Statistisk sentralbyrå.