Om det er kaia som har blitt ekstra flott, eller om det er dei spektakulære omgjevnadane i Hjørundfjorden som er attraksjonen til filmteamet, er uvisst. Ferjekaia vart stengd i mars på grunn av undergraving under landkaret, og ein ny konstruksjon har no sett dagens lys på staden.
– Vi har fått på plass ei kai som vil fungere godt i mange år framover, og det på rekordtid, seier Oskar Einarsson, byggeleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.
I løpet av fire veker har Standal ferjekai mellom anna fått montert nytt landfeste for ferjekaibrua, i tillegg til heilt ny ferjekaibru. Det er også nye fyllingar og støttemur i tilknyting til anlegget. Det har i praksis blitt bygd ei heilt ny kai, sjølv om konstruksjonen er å rekne som mellombels. Det skal gjerast ytterlegare oppgraderingar innan 15 år, ifølge Einarsson.
– Vi er glade for at arbeidet har gått raskt, og at dei reisande kan ta i bruk ei trygg kai, seier han.
Det gjenstår framleis noko arbeid på staden, men fredag 11. april blei altså kaia gjenopna. Då kunne ferjerutene i Hjørundfjorden gå tilbake til det normale. Det er entreprenøren Mesta som har utført arbeidet.