Kristian Vold, avdelingsleiar for Nettskolen Møre og Romsdal, under oppstartsamlinga i Molde.
Per-Kristian Bratteng
Skolen som på nyåret starta med tre fag og 25 elevar i vaksenopplæring, har denne hausten blitt til over 100 elevar i vidaregåande opplæring for vaksne og 80 elevar på programfag språk VG3, i samarbeid med dei ordinære vidaregåande skolane.
– Frå 25 til nærmare 200 – du kan seie at det skjer litt, flirer Kristian Vold ved Nettskolen.
I år er alle elevplassane på Nettskolen Møre og Romsdal fylt opp. Dei har til og med ventelister.
Vurderer utviding
– Neste skoleår må vi vurdere å utvide til fleire faggrupper. I år har vi fleire faggrupper i mange fag som vi ser det er ventelister på. Og kanskje må vi neste år utvide enda meir, og utvide til fleire grupper, seier Vold.
Torsdag møtte vi Kristian Vold på Molde vgs då han inviterte elevane til oppstartsamling. Dagen før var han på tilsvarande samling på Borgund vgs i Ålesund.
Fysisk samling
– Kvifor fysisk samling – er ikkje det litt sjølvmotseiande når du driv ein nettskole?
Kristian Vold, avdelingsleiar for Nettskolen Møre og Romsdal.
Per-Kristian Bratteng
– Jo, det kan du seie. Men det er noko med det å treffe og helse på dei ein skal ha som lærarar – møte dei personleg. Det blir enklare å komme i gang, rett og slett. Og så er det mange tekniske utfordringar i starten, så det er greitt å få logga på, laste ned programvare og vite at alt fungerer, seier Vold.
Nettskolen tilbyr vidaregåande opplæring for vaksne som treng studiespesialisering, fag for studiespesialisering for dei som har fagbrev og programfag språk VG3 - i samarbeid med dei ordinære vidaregåande skolane.
Du kan lese meir om Nettskolen på skolen sine nettsider.
Kontaktperson:
Kristian Vold,
avdelingsleiar Nettskolen,
telefon 99 04 88 49