Frå venstre Arthur Almestad, regionansvarleg Møre og Romsdal, Noregs Forskingsråd, frå Møre og Romsdal fylkeskommune Trude Carlsen, EU-nettverket i Møre og Romsdal, Anna-Marie Hatlestad (bak), FoU-rågjevar og Guri K. Skrove, programleiar Møre og Romsdal 2025.
Anne Bondal
Første arbeidsverkstad var i Molde denne veka. I neste veke blir det arbeidsverkstad i Kristiansund torsdag 25. april på i Ålesund fredag 26. april.
Formålet med arbeidsverkstadane er å bli betre kjent med kommunane sine utfordringar og behov og mobilisere til samarbeid om prosjekter rundt reelle behov hos kommunane.
Tre kommunar deltok
På verkstaden onsdag deltok Aukra, Hustadvika og Molde kommunar. Dei fekk drøfta sine utfordringar med forskarar frå Høgskolen i Molde, representantar frå KS, Statsforvaltaren, Helse Møre og Romsdal, Helseinnovasjonssenteret, Romsdal interkommunale politiske råd, Norges Forskingsråd og fylkeskommunen. I løpet av fire timar diskuterte engasjerte deltakarar problemstillingane kommunane hadde løfta fram, som:
- Kva oppgåver skal løysast av helse- og omsorgstenestene? Kva er helse- og omsorgstenestene sitt ansvar og kva er innbyggarane sitt eiga ansvar?
- Korleis kan kvar innbyggar ha moglegheit til å handtere eiga livs- og helsesituasjon?
- Klarar vi å hente ut gevinstane av tiltaka vi set i verk i kommunane, til dømes ved innføring av velferdsteknologi? Er der eit uforløyst potensial og korleis kan vi måle gevinstane?
- Med krevjande tider framføre oss, korleis kan vi skape gode og framtidsretta leiarar i helse- og omsorgstenestene?
Ny utlysing
Bakgrunnen for arbeidsverkstadene er ei ny utlysing på 150 millionar knyt til forsking og innovasjon for å styrkja berekrafta i kommunale helse- og omsorgstenester. Formålet med utlysinga er å stimulere til forsking og innovasjon som er forankra i behov for å styrke berekrafta i dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Med utgangspunkt i behovet til kommunane for kunnskap og nye løysingar, kan kommunar og forskingsorganisasjonar søke midlar til forsking og innovasjon.
Første av tre verkstadar
Arbeidsverkstaden i Molde på onsdag var den første av tre; dei neste er i Kristiansund torsdag 25. april og i Ålesund fredag 26. april. Fylkeskommunen sitt program Møre og Romsdal 2025 arrangerer arbeidsverkstadane i tett samarbeid med Kompetanse- og næringsavdelinga og Norges Forskingsråd. Problemstillingane som løftast fram er også aktuelle inn i andre utlysingar nasjonalt og internasjonalt, og vil og følgast opp i EU-nettverk Møre og Romsdal.
Vil du delta på dei neste arbeidsverkstadene, kan du framleis melde deg på via denne lenka her.
Frå venstre; Jan Morten Dale, kommunalsjef i Hustadvika kommune, Terese Nerbøvik, rådgiver forsking ved Helseinnovasjonssenteret, Guri K. Skrove, programleiar Møre og Romsdal 2025, Møre og Romsdal fylkeskommune, Runa Hide, rådgivar forsking ved Helseinnovasjonssenteret og Kari Bachmann, førsteamanuensis helseledelse ved Høgskolen i Molde.
Trude Carlsen