Startar arbeida i Selvågtunnelen 27. januar – Blir nattestengd med kolonnekøyring

27. januar startar det omfattande arbeidet med å oppgradera Selvågtunnelen, til å tilfredsstille tunneltryggleiksforskrifta. Dette inneber at tunnelen blir nattestengd, og at det blir kolonnekøyring på faste tidspunkt. Det er Aurstad Tunnel AS som skal utføre arbeidet for Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Tunnelinngang - Klikk for stort bileteSelvaagtunnelen blir nattestengt. Møre og Romsdal fylkeskommune

Arbeida gå føre seg fram til seinhausten 2025. Arbeidstida i tunnel vil vere mellom kl. 20.00 og 06.00 alle dagar. I arbeidstida blir det kolonnekøyring til faste tider. Det er ikkje mogleg å køyre via Selvågvegen. I tillegg vil det foregå arbeider i dagsonane på dagtid, men disse skal ikkje vere til hinder for trafikken.  

Utrykkingskøyretøy under utrykking kan passera etter avtale med trafikkdirigent.  

Kolonne køyrer frå Eiksund mot Ulstein med retur Eiksund. NB! Siste kolonne går frå Ulstein mot Eiksund med retur Ulstein.

Kolonnetider

Kl. 20.00 – Tunnelen vert stengt  

Kl. 20.30 – Eiksund-Ulstein-Eiksund

Kl. 21.00 - Eiksund-Ulstein-Eiksund

Kl. 21.30 - Eiksund-Ulstein-Eiksund

Kl. 22.30 - Eiksund-Ulstein-Eiksund

Kl. 00.30 - Eiksund-Ulstein-Eiksund

Kl. 04.45 - Ulstein-Eiksund-Ulstein  

Kl. 06.00 – Tunnelen opnar for fri ferdsel  

Ved endringar i rutetider for kollektivtransport (buss og fly), kan det bli justering av kolonnetidspunkt.

Kort om prosjektet

Arbeida i Selvågtunnelen skal mellom anna sikre frihøgde på 4,6 m, ei oppgradering frå dagens 4,2 m. For å klare dette må vegbana senkast noko i portalane, medan resterende delar av tunnelen vil auka frihøgde ved å ta ut fjell.  

I tillegg skal det etablerast eit teknisk bygg i dagsone på kvar side av tunnelen og omfattande elektro-arbeider inne i tunnelen, mellom ana ny belysning, stengebommar, vifter, naudstasjonar mm.