Startar dagshytteprosjekt - inviterer kommunane til å sette opp hytter

Dagshytter skal bidra til betre folkehelse og auka livskvalitet. No vil fylkeskommunen har med seg kommunane til å bygge dei første dagshyttene.

Bilde av kvinne i raud jakke med langt lyst hår. - Klikk for stort bileteSiv Katrin Ulla Hagala håper å få med seg kommunane på Stikk innom-prosjektet og inviterer til møte den 1. mars. Møre og Romsdal fylkeskommune

I november sette Kultur- og folkehelseutvalet av inntil kroner 200 000 kroner til detaljprosjektering og utlysing av anbodskonkurranse for dagsturhytteprosjektet Stikk Innom.

No inviterer fylkeskommunen alle kommunar til eit seminar om dagshyttene 1. mars – for å få dei med. Målet er at alle kommunar skal bygge ein slik møteplass – ei hytte eller ein gapahuk for dagsturar- for innbyggarane sine.

-I første omgang ønsker vi å ha med ti kommunar til å bygge dei første hyttene. Det realistiske er å få reist to innan 2025. For å gå vidare no, treng vi at dei første kommunane forpliktar seg, Siv Katrin Ulla Hagala, rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Det store målet med prosjektet er god folkehelse og auka livskvalitet for folk.

-  Vi ønsker å skape møteplassar i naturen og få fleire ut på tur. I tillegg kan hyttene vere ein arena for kulturopplevingar, med eit nynorskbibliotek i hytta. Vi ser for at dette kan vere eit fint turmål for skolar og barnehagar. 

Hagala trur det blir eit triveleg turmål. 

-Her kan du ta av deg skoa, sette deg ned og varme deg på vedomnen eller eit pledd. 

Spleiselag

Illustrasjon av ei enkel trehytte i snøkledt terreng. - Klikk for stort bileteFristar det med ein pause på ei varm og god dagsturhytte? Prosjektet Stikk innom ønsker å få etabert slike hytter/gapahuker i kommunane. Ragnhild Amundsen/Streken AS

Totalprisen for ei hytte er ikkje avklart enno, men ein håpar at den vil vere under 1,2 mill. kroner. Fylkeskommunen har fått med ein ekstern samarbeidspart, i tillegg kan kommunane søke om spelemidlar til prosjektet, men må også dekke ein eigenandel.

- Kva må kommunane gjere for å vere med?

- Dei må ha eit kommunestyrevedtak om dagsturhytte, i tillegg må dei velje kva tomt dei ønsker til formålet og klargjere denne. Tomtevalet må avklarast med fylkeskommunen.

Tomteplasseringa må følge visse kriterium, den må for eksempel ligge nær eksisterande turstiar, ha ein viss avstand til parkering og sentrum. Det er også viktig at val av tomta ikkje bidrar til nedbygging av natur. 

Då Møre og Romsdal spurt kommunane om behov og interesse for å etablere eit dagsturkonsept i ei spørjeundersøking før jul, fekk dei positive svar frå nesten alle som svarte.

Enkel konstruksjon

I prosjektplanane står det at det er eit konsept som gjer at dagsturhytta kan settast opp av alle kommunar i Møre og Romsdal. Det inneber at bygga er fleksible og har ein enkel konstruksjon. Materiala som skal brukast skal gå i eitt med miljøet og vere robuste og miljøvenlege. Det er viktig med gjenbruk både av material og innreiing. Konstruksjonen er tenkt som eit byggesett med ulike element som kan leggast til for å få ein møteplass som er tilpassa staden. Det er foreslått å føre opp hytta i enten laft eller stenderverk.

Arkitekt Ragnhild Amundsen frå Streken AS har teikna skisser til dagsturhyttekonseptet. Konseptet kan endrast ved detaljprosjektering.