Startar kartlegging av dei viktigaste næringssatsingane i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylkeskommune og Innovasjon Norge startar prosjektet Grønt industriløft Møre og Romsdal. Saman med sentrale næringsaktørar skal dei finne ut korleis næringslivet i regionen skal ta ei leiande rolle i den grøne omstillinga.

Kvinne og mann. - Klikk for stort bileteProsjektleiar Hedda Krogstad i Innovasjon Norge og rådgivar Martin Ose i Møre og Romsdal fylkeskommune. Per-Kristian Bratteng

Fylkeskommunen har gitt Innovasjon Norge Møre og Romsdal i oppdrag å kartlegge grøne og sirkulære prosjekt som har stort vekst- og skaleringspotensial i regionen.

Dei neste månadane skal dei, med bistand frå Ernst & Young, ut i heile Møre og Romsdal for å møte aktørar i og rundt næringslivet. I prosjektet «Grønt industriløft Møre og Romsdal» skal dei i nært samarbeid med næringsaktørane kartlegge regionale konkurransefortrinn og barrierar for grøn omstilling og næringsutvikling i fylket. Korleis skal bedriftene komme seg vidare, raskare?

– Vi ønsker innspel frå sentrale næringsaktørar og pådrivarar for nye satsingar: Kvar bør Møre og Romsdal satse, kva er utfordringane og kva prosjekt skal vi løfte fram? seier rådgivar Martin Ose i Møre og Romsdal fylkeskommune og prosjektleiar Hedda Krogstad i Innovasjon Norge.

Dei er overtydde om at arbeidet dei skal gjere saman med næringslivet gir verksemder moglegheit til å utnytte regionale konkurransefortrinn for å ta ei leiande rolle i den grøne omstillinga.

Startar kartlegginga

Tysdag startar dei kartlegginga saman med sentrale næringsaktørar på NHO sin regionale årskonferanse i Ålesund. I dei neste månadane skal dei rundt om i heile fylket der dei inviterer seg inn hos både bedrifter, næringsforeiningar, kommunar og klynger.

– Bakgrunnen for prosjektet er at vi innan 2030 skal kutte 55 prosent av alle klimautslepp. Samtidig skal vi bidra i regjeringa sin ambisjon om å auke eksporten med 50 prosent. Prosjektet Grønt industriløft skal være ein katalysator for framveksten av grøne prosjekt og verdikjeder i Møre og Romsdal, seier næringssjef Hilde Aspås i Møre og Romsdal fylkeskommune.

– Vi ser at mange vil satse i den grøne omstillinga, men at det kan være nødvendig med sterkare prioriteringar og koordinering. Mange satsingar er avhengige av den same kompetansen, kapitalen og naturressursane, anten det er areal, biomasse eller kraft, seier direktør Helge Gjerde i Innovasjon Norge Møre og Romsdal.

Målsetting

Målet med prosjektet «Grønt industriløft Møre og Romsdal» er:

  • Styrke grøne og sirkulære prosjekt som har stort vekst- og skaleringspotensial
  • Akselerere den grøne omstillinga i næringslivet i Møre og Romsdal
  • Vere ein katalysator for framvekst av grøne verdikjeder på tvers av sektorar

I juni skal prosjektet levere ein rapport med konkrete tilrådingar for kva den enkelte region bør fokusere på. Kva verdikjeder og innovasjonsprosjekt har størst potensial for å heve verdiskapinga og å styrke grøn berekraftig næringsutvikling i fylket? Rapporten skal også peike på felles forretningsområde og strategiske initiativ, som skal bidra til å realisere forretningsmoglegheiter og overkomme barrierar.

Du kan lese om Grøn Region Vestland i Vestland fylkeskommune og om Innlandsporteføljen i Innlandet fylkeskommune, som er liknande satsingar.