Startar klargjeringa av Trollstigen

Møre og Romsdal fylkeskommune startar måndag 15. april jobben med å klargjere Trollstigen for ein ny sesong. Det er unormalt mykje is i fjellet, som gjer at brøytinga startar frå Valldals-sida denne gongen.

I år det det lite snø i Trollstigen, men derimot det det mykje is. For å ivareta tryggleiken blir ikkje arbeidet starta frå botn av Trollstigen som normalt. Spesielt i Kjellstadlinja, som er det mest utsette partiet for steinsprang, er det store isparti. Derfor startar brøytejobben frå Valldals-sida. 

Slik ser det ut i Kjelstadlinja i Trollstigen. Store isparti. - Klikk for stort bileteSlik ser det ut i Kjelstadlinja i Trollstigen. Store isparti. Dag Christian Ugseth/Møre og Romsdal fylkeskommune

Forventar opning i slutten av mai

Om alt går som planlagd ligg det an til å opne Trollstigen i slutten av mai. Dette fordrar at det til dømes ikkje kjem nye store snødump i den komande perioden. 

-Vi veit aldri heilt når opninga blir. Det med vêr og vind styrar vi ikkje over, men vi siktar oss inn mot slutten av mai, noko som er ei normal tid å opne Trollstigen på. Utfordringa i år er per no ikkje store snømengder, men is, som vi ikkje har så lyst å jobbe under, seier Roar Vikhagen, byggeleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

- Farleg å vere i Trollstigen under arbeidsperioden

Tidlegare sesongen har brøytemannskapet måtte avbryte arbeidet i fleire dagar på grunn av folk som har oppheldt seg i området. Under dette arbeidet er vegen opp Trollstigen å rekne som eit anleggsområde.

- Vi har tryggleik fremst i panna når vi arbeider der oppe. Vi opplever av og til at vi må avbryte arbeidet på grunn av at det er folk området der vi jobbar. Da må vi avbryte. Det gjer at vi ikkje får jobba effektivt, og det kan påverke opningsdatoen til slutt. Det er mange andre fine turar i området som ein heller bør velje medan vi jobbar her, seier Vikhagen.

I gang på Geirangerfjellet

Brøytejobben over Geirangerfjellet er allereie i gang. På denne strekninga starta klargjeringsjobben måndag før påske. Brøytemannskapet nærmar seg no Djupvasshytta. Det er noko mindre snø på Sunnmørs-sida enn dei siste åra. Det er meir snø på Innlands-sida. Stavbrekka er òg i år overvaka, og utviklinga i dette område avgjer kva tid vegen kan opnast. Mest truleg vil vegen kunne opnast i løpet av mai.