Startar konseptutvikling av aluminiumsbru på Grøtta i Isfjorden

Møre og Romsdal fylkeskommune går nye vegar når den nye Grøttabrua i Isfjorden skal planleggast. Å bruke aluminium som byggemateriale på ei køyrebru er noko som ikkje har vore gjort på over 30 år. 

Den gamle Grøttabrua er i dårleg forfatning og har behov for oppgradering. Saman med Leirvik AS startar Møre og Romsdal fylkeskommune no arbeidet med konseptfasen for nye Grøttabrua. Dette er første ledd i eit FoU-prosjekt (Forsking- og utvikling) i regi av fylkeskommunen.

Bilete av bru over ei elv - Klikk for stort bileteGamle Grøttabrua i Isfjorden skal byttast ut. Møre og Romsdal fylkeskommune

På den om lag 25 meter lange brua er det planlagd å bruke aluminium som byggemateriale, noko som er uvanleg for bruer. Å nytte aluminium kan gje fleire fordelar. Det er lite utsett for korrosjon, treng ikkje maling, det er lett, og det er 100 % resirkulerbart. Dette gir òg fordelar ved at brua vil krevje minimalt med vedlikehald. Møre og Romsdal fylkeskommune sin samarbeidspartnar, Leirvik AS, vil saman med Hydro, levere norskprodusert aluminium med så høg resirkuleringsgrad og lågt klimautslepp som mogleg.

- Dette er eit spanande prosjekt som har mange positive sider ved seg. Vi har alle dei fysiske og praktiske fordelane aluminium gir, samstundes som at det kan bidra til positive regionale ringverknader, gjennom å nytte lokale leverandørar, som Hydro på Sunndalsøra. Vi startar no planlegginga og det blir spanande og sjå korleis prosjektet utviklar seg. Vi håpar å starte anleggsarbeidet hausten 2026, seier prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Hallvard Rangnes.

Møre og Romsdal fylkeskommune skal onsdag 28.08 på synfaring til den gamle brua i Isfjorden, saman med Leirvik AS. Om media er interessert i intervju og bilete, kan dykk møte aktørane ved gamlebrua kl. 15.00.

For fleire detaljar om prosjektet viser vi til utsendt pressemelding frå Leirvik AS.