Statistikk: Finn ferske tal for din kommune

Vil du vite korleis kommunen din ligg an på utdanningsnivå, gjennomføring av vidaregåande opplæring, eller i bustadmarknaden?

Lærar kikar på elev i klasserom - Klikk for stort bileteKorleis er gjennomføringa i vidaregåande skole i kommunen din? Dette og andre fakta finn du i den oppdaterte kommunestatistikken Tingh

Vår og haust oppdaterer vi kommunestatistikken, med fakta om aktuelle tema i kvar kommune i fylket. No kan du finne ferske tal for blant anna gjennomføring av vidaregåande opplæring, utdanningsnivå, utanforskap og ungdom, bustadmarknaden og arealbruk.

2024-utgåva finn du her.

Målet med kommunestatistikken å formidle oppdatert og relevant statistikk som kommunane kan bruke i planarbeidet sitt. Tala er henta frå offentlege kjelder, og då særleg frå Statistisk sentralbyrå (SSB), og følger dei årlege oppdateringane som blir gjennomført her.

Kommunane kan laste ned presentasjonar med grafisk framstilt statistikk av kommunen, samanlikna med regionen, fylket og landet med bakgrunnsdata. I kommunestatistikken er det også ein presentasjon av statistikk samla for heile fylket. 

Du finn meir statistikk og analysar i fylkesstatistikken for 2024