Statsministeren la ned grunnsteinen for Campus Kristiansund

Det var høgtid i Kristiansund tysdag då statsminister Jonas Gahr Støre saman med elevar frå barneskolen la ned grunnsteinen for Campus Kristiansund.

Foto av ein mann som står og snakkar til ei stor gruppe med menneske. Hus under bygging i bakgrunnen - Klikk for stort bileteStatsminister Jonas Gahr Støre på Campus-tomta i Kristiansund. I bakgrunnen ser vi at bygget i heiltre er i ferd med å reise seg. Per-Kristian Bratteng

Grunnsteinen var ulike bilde av dei 17 berekraftsmåla til FN, malne og brent av elevar ved 3. trinnet på Allanengen skole i Kristiansund. Bilda blir sett saman i ein kassett, til ein grunnstein på ein gangar to meter, som blir montert sentralt i lobbyen i det nye Campus-bygget.

Støre: - Campus eit knutepunkt

- Her er det privat-/offentleg samarbeid som vi kan vere stolte av. Her er næringsaktørar som har spelt kvarandre gode. Og ikkje minst er det visjonen og ambisjonen; kva dette vil bety for unge i framtida.

- Dette er eit knutepunkt for utdanning, forsking og innovasjon på Nordmøre, og eg trur det kjem til å bli vidare enn det. No har vi moglegheit til å tenke kompetanse mykje meir spreidd enn før. Alt må ikkje vere på dei stor campusane. Derfor liker eg godt at de tar namnet Campus Kristiansund. Det må ikkje vere berre dei store campusane og universiteta i dei stor byane. Det er viktig at universiteta ser det, forstår det og spelar på lag, sa Støre.

Miljøvennleg bygg

- Eg vil også rose dykk for å bygge eit bygg som ikkje berre er mest miljøvennleg i regionen, men ver enda meir ambisiøse; bygget kan bli ståande som eit eksempel for heile landet for by og byutvikling, som vi skal vere stolte av, sa Støre.

Statsministeren har fulgt Campus-prosjektet tett med gode innspel frå ordførar Kjell Neergaard i Kristiansund, og han rosa Neergaard som ein pådrivar for Campus:

- Du har sagt at vi er ikkje på rett kurs før vi får dette opp og stå. Og no er vi på veg opp og stå. Eg gratulerer dykk alle, sa statsministeren.

Ordførar framheva samarbeidet

Ordførar Kjell Neergaard i Kristiansund la vekt på det gode samarbeidet, som Campus og Normoria er eit resultat av.

- Vi gir regionen vår ein ny boost. Takk for støtta, både frå storting, noverande og tidlegare regjeringar i begge prosjekta. Sidan 2017 då dei første tankane blei tenkt, strategien blei lagd gjennom ei lang rekke vedtak lokalt, regionalt og nasjonalt, har vi jobba iherdig saman med mange gode krefter for å realisere Campus Kristiansund. Derfor er det så fantastisk å stå her i dag på byggetomta og sjå at bygget reiser seg – eit fantastisk og framtidsretta bygg, sa Neergaard.

Fylkesordførar: Eit tidsskilje

Fylkesordførar Line Hatmosø Hoem sa at det er eit tidsskilje for Kristiansund, Nordmøre og for Møre og Romsdal; før- og etter Campus:

- Eg trur ikkje vi klarer å sjå betydninga. Men vi kan drøyme, og det har vi gjort i mange, mange år. Og endeleg reiser første byggetrinn seg, her på kaikanten i Kristiansund – midt i sentrum.

Ho sa at det også er eit før og etter for sentrumsutviklinga:

- Om nokre år vil det myldre av studentar som vil fylle gatene våre med liv. Samtidig, litt lenger oppe i sentrum, så reiser det seg eit heilt nytt opera- og kulturhus. Vi gler oss til dei åra vi har framføre oss. Alt dette skaper optimisme og framtidstru. Det bidreg til vekstkraft for Kristiansund og Nordmøre, og dermed for heile Møre og Romsdal. Det er eit veldig viktig perspektiv for Møre og Romsdal fylkeskommune som ein regional utviklingsaktør, og grunnen til at vi har gått så tungt inn i Campus-prosjektet, sa fylkesordføraren, og la til:

- Campus Kristiansund er det viktigaste strategiske grepet som blir tatt for å sikre eit attraktivt kompetansemiljø i distriktet.

Ferdig hausten 2024

Campus Kristiansund (CKSU) skal innehalde høgskoletilbod, fagskole, kompetanseklinikk for den offentlege tannhelsetenesta, vekstmiljø for næringslivet og forskingsmiljø. CKSU skal stå ferdig hausten 2024 og er eit samarbeid mellom Høgskolen i Molde, Kristiansund og Nordmøre Næringsforum, Kristiansund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune. Desse aktørane eig Høgskolesenteret i Kristiansund, som vil bli erstatta av CKSU.

Bygget er på til saman 17.000 kvm. med næring-, kontor- og undervisningslokale.