Statsrådar sette tonen på Nyttårskonferansen

Dei to ministrane som innleia den to dagar lange Nyttårskonferansen, snakka om det som kommunedirektørar og ordførar i salen var mest opptatte av: Korleis skal myndigheitene hjelpe kommunane til å møte utfordringane i åra framover?

Mann og kvinne på ei scene. - Klikk for stort bileteBjørnar Skjæran, kommunal- og distriktsminister og Karianne Tung, digitaliserings- og forvaltningsminister under Nyttårskonferansen 2026. Per-Kristian Bratteng

Ei av dei største utfordringane er demografien.

– Om få år er vi fleire over 60 enn under 20 år her i Noreg. I denne stortingsperioden gjeld det også Møre og Romsdal, sa Karianne Tung, digitaliserings- og forvaltningsminister.

Og ho sa at ho og regjeringa har ambisjonar:

– Vi må møte utviklinga med ny politikk. Vi må jobbe annleis. Vi treng effektiv ressursbruk og eit effektiviseringsløft, sa Tung under Nyttårskonferansen i Molde.

– Vi må prioritere

Tung sa at vi framover ikkje kan halde fram med å gjere alt saman.

– Det betyr at vi må bli betre til å prioritere, samordne og til å få til ting på tvers. Her er potensialet størst for å få effektar og gevinstar.

– Så handlar det om digitalisering – eit viktig verktøy og verkemiddel for å få til ein meir effektiv og betre kvardag for folk og næringslivet rundt om i landet. Det handlar om å gjere det som i dag er umogleg, mogleg ved hjelp av teknologi. Og da er målet å tilby betre tenester for innbyggarar og næringslivet – sikre at vi har gode digitale løysingar for alle og at alle får vere med i den digitale kvardagen, sa Tung.

Kommunane sine utfordringar

Bjørnar Skjæran, kommunal- og distriktsminister, ville ikkje røpe kva som er konklusjonane i kommunekommisjonen sin første rapport, som blir lagt fram fredag 9. januar. Men han veit kva som er bestillinga, som baserer seg på utfordringane. Blant anna dei demografiske utfordringane.

– Som ein følge av at vi blir fleire eldre, blir utgiftsbehovet større. Det er berekna å vere over 47 milliardar kroner høgare i 2035 enn i 2025. Samtidig vil nedgangen i antal barn og unge gi eit lågare behov i grunnskolen, kostnadsbehovet her vil vere 11 milliardar kroner lågare enn i dag, sa Skjæran.

Mangel på kompetansearbeidskraft

Han nemnte også mangel på kompetent arbeidskraft som ei stor utfordring i kommunane.

– Mangel på kompetent arbeidskraft rammer alle kommunar. Men det er ingen hemmelegheit at nokre kommunar blir hardare ramma enn andre. Mange slit allereie med å rekruttere kvalifiserte tilsette. Då må kommunane vurdere nye måtar å organisere seg på, og andre måtar å levere velferdstenester på, sa Skjæran.

Nyttårskonferansen held fram fredag.  Hovudtema for konferansen er omstilling, beredskap og mobilisering av arbeidskraft.

Du kan følge nyttårskonferansen fredag frå denne lenka.